Seljumannamesse


Kvart år blir det halde Seljumannamesse på øya Selja i Stad kommune søndagen nærmast 8. juli, som er den tradisjonelle merkedagen. Seljumannamess er ein av våre eldste kristne høgtider, vedteke av Olav den Heilage i kristenretten på Moster i 1024. Seljumannamesse vart feira fleire stader på Vestlandet og Nordsjølanda i mellomalderen, men tok slutt etter reformasjonen. Tradisjonen vart teken opp igjen på 1970-talet, og Seljumannamesse vert no feira med både protestantisk og katolsk messe på øya kvart år.

Symbolet for Seljumannamesse i den gamle kalenderen, primstaven, er ei krune eller ei hole, som viser til martyrøden for den irske dronninga Sta. Sunniva på Selja.

Sta. Sunnniva var kåra til vår første, og einaste kvinnelege, helgen i 997, og Selja var landets første pilegrimsmål. Frå 1068 til 1170 var Selja eitt av Noregs tre første bispesete, og rundt 1090 etablerte Benediktinarmunkar frå England eit av landets første kloster på øya. Klosteret var i drift fram til reformasjonen. Les meir om Selja kloster og Sta. Sunniva her: https://www.grind.no/nordfjord/stad/selja-kloster-helgenanlegg

Den protestantiske feiringa av Seljumannamesse blir no arrangert av Seljumannamessekomitéen, som har eit medlem frå kvart av dei sju sokneråda i Stad kommune og tilknytte ressurspersonar, samt ein prest utpeika av prosten i Nordfjord. Seljumannamesse er organisert under Den norske Kyrkja.

For å komme ut på Selja må ein ta klosterbåten frå Selje sentrum, ca. 10 minutt. Det er også mogleg å ta båten til Bø på austsida av øya og gå stien ut til klosteret, ca 25 minutt. Billettar med kosterbåten kan bestillast her: https://www.fjordguidingselje.no/klosterbaten

Selje er i dag også eitt av fire regionale pilegrimssenter langs Kystpilegrimsleia frå Egersund til Trondheim, og held til i Selje prestegard. Les meir på www.pilegrimsleden.no

Ta gjerne kontakt med oss på e-post seljumannamessa@gmail.com

 

 

 

 

 

 

 

 

Plakat Seljumannamesse 1000 år

 

 



 


 

Skyss til Seljumannamessa 07. juli

Treng du skyss til Selje i samband med  Seljumannamessa, eller kan du tilby andre plass i din bil, så kan du melde frå til soknerådsleiaren...

Les meir

 

Lovsongkonsert i Selje kyrkje

Laurdag 8. juli kl. 18:00

Les meir

 

Seljumannamesse 2023

Les meir

 

Konsert i Selje kyrkje

Laurdag 2. juli kl. 18.00 blir det konsert i Selje kyrkje i samband med Seljumannamesse  

Les meir

 

Program Seljumannamesse 2022

Klikk for å sjå årets program for Seljumannamesse

Les meir

 

Keltisk pilegrimskonferanse

I forkant av Seljumannamesse 2022 blir det halde Keltisk prilegrimskonferanse, laurdag 2. juli. Merk: Påmelding 

Les meir

Fleire saker