Digitalt møterom på Eid kyrkjetun


Digitalt møterom på Eid kyrkjetun


På grunn av lange reiseavstandar er digitale møte, der deltakarane sit i kvar sine møterom og kommuniserer via nett, blitt stadig meir brukt. På denne måten slepp ein også å bruke tid på reiser til og frå, og i nokre tilfelle også overnatting. Restriksjonane som er innførte som følgje av korona-tiltak har forsterka bruken av slike møterom betydeleg.

 

Det er no installert slikt møterom på Eid Kyrkjetun – noko kyrkjeverje Kristen Hundeide er svært nøgd med! Både fellesrådstilsette og prestane kan nytte seg av dette. Det vert no m.a. mykje lettare å gjennomføre møter og legge felles planer saman med kontoret i Selje. «Vi ser også føre oss at vi kan kommunisere tettare med bispedømet og kanskje spare nokre reiser til og frå Bergen» seier kyrkjeverja. «Tidlegare  måtte vi bestille eit av møteromma på rådhuset, men det har vist seg at kapasiteten der er meir enn sprengd! Difor valde vi no å skaffe oss eige utstyr» seier Hundeide