Ny prost i Nordfjord!


Gudstenesta i Eid kyrkje søndag 20. september var ei skikkeleg høgtidsstund!
Med dei fleste prestane i Nordfjord, representantar frå sokneråda og frå dei tilsette til stades innsette biskopen i Bjørgvin, Halvor Nordhaug, Stian Heggedal som ny prost i Nordfjord prosti.

 

Sjølv om det no er restriksjonar på både antal og avstand var det ca 150 personar til stades i kyrkja på innsettingsgudstenesta. At foreldre og mange andre slektningar og vener av nyeprosten var til stades var ekstra kjekt både for han som vart innsett og for kyrkjelyden! Dei fekk med seg både preike, nattverd og seremoni der dei fekk gode ord frå biskop og ny prost, flott song av kyrkjekoret og strålande orgelspel av kantor Ralph Cupper!

Etter gudstenesta inviterte sokneråda i Eid, Stårheim og Kjølsdalen til kyrkjekaffi på Eid kyrkjetun for inviterte gjester der det både var takk til dei som har stått i tenesta tidlegare og velkomst helsingar og gratulasjonar til Stian Heggedal.

Nedanfor ser de nokre bilete frå kyrkja og kyrkjekaffien