Det blir Seljumannamesse - også i koronaens tid - søndag 5. juli 2020 frå 12:00 til 13:30!
Vi får feire gudsteneste - med nattverd - om enn med nødvendig avstand og smittevernplan.
Årets predikant er heile Nordfjord sin eigen Asbjørn Magne Gjengedal!
Det blir messingkvintett og forsongarkor under leiing av Jon Inge Sigerland. Vil du vere med i forsongarkoret; gje organist Jon Inge Sigerland eller sokneprest Eli-Johanne Rønnekleiv ei melding.
Medverkande prestar elles er Beate Folkestad Osdal (sokneprest i Nord-Vågsøy og Totland); Hege Høibye (sokneprest i Nordsida og Randabygd); Knut Gjengedal (prostiprest i Nordfjord); Michael Wohlenberg (sokneprest i Sannidal); Ola Døhl (sokneprest i Vanylven) og Eli-Johanne Rønnekleiv (sokneprest i Ervik, Leikanger og Selje).
Det blir også KONSERT med lokale aktørar i Selje kyrkje kl. 18 laurdag 4. juli!
Billettar ved inngangen kr. 200,- (helst med Vipps eller kortbetaling)
Viktig praktisk informasjon:
BÅTBILLETTAR
I år brukar vi kun Klosterbåten sine båtar til reisa. Båtane ligg inst i Seljevågen.
Du bestiller din eigen Seljumannamesserabatterte billett direkte hos Klosterbåten på www.seljamonastery.no helst på førehand slik at Klosterbåten kan planlegge kapasiteten sin den dagen.
NB! Rabattprisen blir synleg når du har valt datoen 5. juli.
Klosterbåten vil også ha ein billettseljar på kaien frå ca kl. 09.30.
OBS! Frå Bø er det ca 1/2 time vandring til Klosteret. Er det vanskeleg å gå - bestill båtbillett til Klostervågen.
Båtane vil gå i skytteltrafikk frå ca kl. 10 - og returane vil gå utover ettermiddagen ei stund.
OBS! Første retur frå Bø ca kl. 14.15 vil vere forbeholdt dei som skal vidare med ekspressbåten til Bergen!
SMITTEVERN OG HELSE
Vi avgrensar området der gudstenesta skal føregå.
Ved "inngangane" vil du møte venlege menneske i refleksvest som skal registrere deg med namn og telefonnummer - gje deg ein dose antibac og programheftet for gudstenesta. Vi vil setje opp dei benkane vi har med rett avstand - og ber om at dei som mest treng å få sitje, brukar dei.
Vi feirer nattverd etter gjeldande smittevernforskrifter - vi held avstand i køen og vi nyttar eingongsbeger.
Selje Røde Kors stiller med gode folk - det er vi takksame for!
PARKERING
Parkeringsplassar finst i Selje sentrum - inklusive ytre prestegardshagen. i beste fall har vi nokre menneske i refleksvest som kan peike og forklare.
FASILITETAR
I Klostervågen på Selja finst to enkle toalett utan innlagt vatn. Ta gjerne med eigne våtserviettar. Antibac vil vere tilgjengeleg fleire stader.
SELJE PILEGRIMSSENTER
Selje pilegrimssenter (1. etasje i kommunehuset) vil ha ope Kloster- og Sunnivautstillinga etter gudstenesta ute på klosteret om søndagen. Der vil det bli omvisning og orientering.
STADT NATURGUIDING
arrangerer guida turar - sjå facebook-sida deira, t d
https://www.facebook.com/events/1333274810210478/
MAT OG DRIKKE
Kafe Selja-stova og Doktorgarden held ope både laurdag og søndag.
VEL MØTT!