TAKK TIL ØYSTEIN OG BEATE!


 

Søndag 3. september kl. 15.00 var det avskilsgudsteneste i Eid kyrkje for sokneprest Øystein Mathisen og kateket Beate F. Osdal. Begge sluttar no i tenesta her i Eid. Beate har vore hos oss som kateket i 4 år - og tek no til som kateket og vikarierande sokneprest i Selje. Øystein har vore sokneprest i 1 år - og reiser no tilbake til stillinga si i Tonsen menighet i Oslo som han har hatt permisjon frå.
Det var ei høgtidsam gudsteneste i Eid kyrkje der Øystein og Beate var liturg og medliturg.

Etter gudstenesta var det kyrkjekaffi på Eid Kyrkjetun der sokneråda hadde ordna med "takke-kake" og anna godt til kaffien. Både prosten i Nordfjord, Rolf Schanke Eikum, fellesrådsleiar Berit Heien Heggen og andre bar fram helsingar til Beate og Øystein under bordseta.

Kyrkjelydane i Eid takkar Beate og Øystein hjarteleg for tenesta dei har utført hos oss - og vi ynskjer dei all mogleg lukke til i nye arbeidsforhold og med nye utfordringar!

Nedanfor ser de nokre bilete frå kyrkjekaffien