FRIVILLIGPRISEN TIL SIGNY OG FINN!!


 

På Kyrkjedag for Nordfjord som vart arrangert i Eid kyrkje og på Eid Kyrkjetun laurdag 28. oktober vart også Frivilligprisen 2017 utdelt av Nordfjord prostiråd. Verdige vinnarar var Signy og Finn Bjarnastein som fekk prisen av prost Rolf Schanke Eikum og leiar i prostirådet, Kristen Hundeide. Signy og Finn har drive frivillig arbeid, særleg for born og unge, i meir enn 50 år!
Nedanfor kan du lese prost Rolf sin tale til prisvinnarane ved utdelinga.
Vi gratulerer Signÿ og Finn hjarteleg med ei vel fortent utmerking!!

-------------------------------------------------------------------------
Prost Rolf Schanke Eikum si tale ved prisutdelinga:

 

FRIVILLIGPRISVINNARAR, Nordfjord prosti 2017, Signy og Finn Bjarnastein,
Frivilligprisen 2017, Nordfjord prosti.

Frivilligprisvinnarane har gjennom dei siste 50 åra vore aktivt med i det frivillige kristne  arbeidet både lokalt og  i Nordfjord, både innan organisasjonsarbeidet og i soknerådssamanheng.

Dei gifte seg i 1968 og opna raskt den vesle heimen sin  for ungdomar som gjekk på gymnaset og skapte eit kristent husfellesskap for dei. Ho vart med i misjonsforeining, dei var saman om yngres på bedehuset der dei budde. . Då dei flytta inn i eige hus i 1974, hadde dei endå større plass til å bruke heimen aktivt. Dei starta opp med Hobbyklubben i 1974 på bedehuset der dei hadde mange praktiske aktiviteter for barn i folkeskulealder, både når det gjeld maling, stoff og snikering. Framleis samlar Hobbyklubben mange barn og dei har vore med som leiarar i alle desse åra!!

Ho starta òg opp eit barnekor i 1977 som ho dreiv fram til 1985. Dei starta òg opp og dreiv Ten –klubb  for tenåringar i heimen  frå 1982/83  og dreiv den fram til slutten av nittitalet. Der var det bordtennisspel, kurong, Donaldhjørne og andre aktiviteter i tillegg til song og andakt med godt frammøte. På det meste over 40 stk! Og alltid god mat!

Han vart med i ungdomsnemnda til Nordfjord  indremisjon i 1967 der han òg var formann i mange år. Han kom med i styret for Nordfjord indremisjon i 1976 og formann i ca 10 år der  og han vart vald inn  i Landsindremisjonen  sitt  hovudstyret på byrjinga av 80-talet.

Dei meinte det trengtes nytt bedehus i krinsen og dei starta ei bedehusforeining der dei vart ca 20-25 som aktivt jobba med å få inn pengar. Bedehuset stod ferdig i 1989, reist på dugnad og gjeldfritt 2 år seinare! Han har sete i det lokale indremisjonsstyre i over 40 år, og vore leiar i alle år med unntak av 3 år! Og dei har hatt ein open og gjestfri heim der forkynnarane kunne bu. Og når det var fest på bedehuset var ho alltid med i kjøkkengjengen eller hadde med mat. Og ho har vore med i dugnadsgjengen som har hatt reinhaldet på bedehuset i alle år.

Han har vore aktivt med å få Fjordly leirstad på plass, fått reist bønehytta på dugnad  og dei seinare åra vore primus motor i dugnadsgjengen  for fornyng av hyttene  som vart heilt nybygde! Og han har vore aktiv med i dugnad på Holmely.

Og ho har stilt opp med mat til dugnadsgjengen.

Han har og sete i styret for Ljosborg, folkehøgskulen på Vereide i 7-8 år

Frivilligprisvinnarane har ikkje berre hatt sitt hjerte i indremisjon/Normisjon, men òg vore seg medvite at Landsindremisjonen/Normisjon  er ein del av Den Norske Kyrkja. Difor har det vore naturleg for dei å ta ansvar i rådsstrukturen. Ho har vore i soknerådet i 1 periode, han i 4 periodar og 13 år som leiar. Han har vore fleire år redaktør i kyrkjebladet og dei siste åra også lek gudstenesteleiar.

Begge er rikt er velsigna med mange gåver. Song og musikkgåva har dei forvalta med å stille opp på utalege møter og festar og glede forsamlinga med glad og oppbyggeleg  duettsong i 50 år!

Og om nokon skulle vere i tvil: Dei verdige Frivilligprosvinnarane er Signy og Finn Bjarnastein frå Haugen i Eid kommune! Gratulerer!

De har vore og er gode førebilete på å vere trufaste med i det frivillige kristne arbeidet gjennom ulike faser i livet, både på golvet med kjøkenarbeidet og reinhaldet, i førstelina i møte med barn og unge og i leiinga. Og de er gode døme på at i Guds rikes arbeid blir ein ikkje pensjonistar!

Frivilligprisen er i år som i fjor eit vakkert måleri av kunstnaren Kjell Stig Amdam: Den gode hyrdingen, som ser og tek seg av den einskilde. Han har omsorg og er ein god ven! Han har lova å vere med både i dei gode dagane og i dei meir utfordrande dagane.

Eg er den gode hyrdingen. Eg kjenner mine og mine kjenner meg.(Joh. 10.16).