Konsert med Jon-Vegar og Sigurd!


Eid kyrkje 22. februar kl. 20.00

 

Vi gler oss veldig til å få presentere Jon-Vegar Sole Sundal og Sigurd Melvær Øgaard i Eid kyrkje - med konsert for trompet og kyrkjeorgel!

Jon-Vegard Sole Sundal er fødd og oppvaksen i Kjølsdalen, og han starta musikkarriera si i Kjølsdalen skulemusikk. Han er regjerande Europameister i BrassBand saman med Eikanger-Bjørsvik Musikklag, der han spelar Ess-kornett.

Sigurd Melvær Øgaard er domkantor og domorganist i Bergen Domkirke Menighet. Han er utdanna i utlandet, og har spelt på kyrkjeorgel verda over.

Det blir mykje spennande å høyre på denne heilt spesielle konserten berre for oss!

 

 

Billett: Vaksen kr 250, 10-16 år kr 100, <10 år kr 50

Vipps og kontant ved inngangen