Søndagstankar 4. s i påsketida.


Søndagstankar 4. s i påsketida.


Frå sorg til glede!

av Rolf Schanke Eikum, tidl. prost i Nordfjord

Det står skrive i Joh.16.16-22: Om ei lita stund ser de meg ikkje lenger, og om endå ei lita stund skal de få sjå meg.» Då sa nokre av læresveinane hans seg imellom: «Kva meiner han med det han seier til oss:

‘Om ei lita stund ser de meg ikkje, og om endå ei lita stund skal de få sjå meg’ og: ‘Eg går til Far’? Kva tyder dette: ‘om ei lita stund’? Vi skjønar ikkje kva han snakkar om.» Jesus visste at dei ville spørja han, og han sa: «Snakkar de om det eg sa: ‘Om ei lita stund ser de meg ikkje, og om endå ei lita stund skal de få sjå meg’? Sanneleg, sanneleg, eg seier dykk: De skal gråta og klaga, men verda skal gleda seg. De skal sørgja, men sorga skal vendast til glede. Når ei kvinne skal føda, er ho uroleg, for tida hennar er komen. Men når ho har fått barnet, hugsar ho ikkje lenger kor vondt ho hadde, så glad er ho fordi eit menneske er fødd til verda. På same måten er det med dykk. No er de fylte av sorg, men eg skal sjå dykk att, og hjartet dykkar skal gleda seg, og den gleda skal ingen ta ifrå dykk.

Vi er framleis inne i den glade påsketida. Men det er så mange ting som hindrar gleda. Vi kan ikkje samlast. Vi kan ikkje besøke kvarandre som før. Trusselen frå korona smitta ligg over oss og gjer noko med både folk og samfunn.  Som svigerfar på 91 år sa det: Det er noko av den same stemninga som vi opplevde under den 2. verdskrigen. Men håpet om endring vil vi halde fast på. For “om ei lita stund” skal vi på ny få besøke kvarandre og samlast vere nær, for sorga skal vendast til glede!

I søndagen sin tekst vil Jesus førebu læresveinane på at han skal forlate dei, men “om ei lita stund” skal dei få sjå kvarandre igjen. I følge Johannesevangeliet er desse orda ein del av Jesu avskjedstale på skjærtorsdag.  Og han tenker med orda “om ei lita stund” på desse 36 t Jesus låg i grava. Vegen til gleda vart først vegen inn i sorga. Men også tida mellom Jesu himmelfart og atterkome kling med når Jesus andre gongen seier “om ei lita stund ser de meg ikkje og om ei lita stund ser de meg og eg går til Far”. Og det er i denne tida vi lever no, også kalla kyrkja si tid.

Avskjed med dei vi  er glade i kan vere trist. Desto meir gledeleg når ein får sjå kvarandre att! Men når vi misser nokon av våre kjære, kjenner vi på sorg. Eg nådde å få sitte å halde bror Inge i handa når han døde i midten av mars. Eg hadde håpa å få meir tid saman med han når eg no vart pensjonist. Slik gjekk det ikkje. Eg kjende på oppriktig sorg.  Men som kristne skal vi ikkje sørgje som dei som er utan håp (1. Tess.4.13) For sorga skal vendast til glede. Biletet med ei  fødande kvinne som går gjennom smerte til den frigjerande forløysinga og gleda over barnet, er talande. Vi har noko å sjå fram til i håpet! Litt tidlegare i avskjedstalen seier Jesus: “Lat ikkje hjarta dykkar uroast. Tru på Gud og tru på meg. I huset til Far min er det mange rom” (Joh 14.1-2). Vi har eit håp om å vere saman med vår himmelske Far og våre kjære i Farshuset der det er plass til alle! Underveis kan vi kjenne på plager og vanskar, sjukdom, sorg og død. Men vi blir sett av Gud og han er med midt i alt! Og  ved Jesu atterkome skal Guds rike opprettast fullt og heilt. Då skal sorga på ny  bli vendt til glede som ingen kan ta ifrå oss!

 

 

Tilbake