Tankar kring Skjærtorsdag 2020


Tankar rundt SKJÆRTORSDAG 2020

av Knut Gjengedal, Sokneprest i Kjølsdalen sokn

Så er vi komne til torsdag i den stille veka før påske. Det er Skjærtorsdag. Kvar er Gud no i alt dette corona-virvaret? Er han nærværande eller fråværande? Er corona-viruset Guds straff eller kanskje heller ei påminning om at Han er her? Er dette eit endetidsteikn? Det er mange spørsmål som florerer no.

 

Eg skal ikkje prøve å svare på så mange, men vil i alle fall meine at det ikkje er Guds straff. Og eg vil heller ikkje seie at Gud er fråværande, men «Gud er Gud.» Vi skjønar «stykkevis.»

Påskebodskapen understreker Guds nærvær og at dette er eit Jesusnærvær. Og det kjem til uttrykk på ulike måtar i fortellingane. Skjærtorsdag er dagen då Jesus er intimt nærværende. Han samlar sine næraste til eit måltid. Dei vert kalla vener og ein av dem lå med hovudet mot brystet hans (Joh 21, 20).

Skjærtorsdag er dagen då Jesus innstifta nattverden og dagen då han vaska føtene til læresveinane. Skjærtorsdag kjem av det gamalnorske skira, som betyr reinsing. Truleg er fotvaskinga bakgrunnen. I preiketeksta i dag er det fokus på fotvaskinga. Lat oss lese frå Johannes 13, 1 - 17!

«Det var like før påskehøgtida, og Jesus visste at timen hans var komen då han skulle fara bort frå denne verda og til Far sin. Han hadde elska sine eigne som var i verda, og han elska dei heilt til det siste.
     2 Då dei heldt måltid, hadde djevelen alt gjeve Judas, son til Simon Iskariot, den tanken i hjartet at han skulle svika han.  3 Jesus visste at Far hadde gjeve alt i hans hender, og at han hadde gått ut frå Gud og gjekk til Gud.  4 Då reiser han seg frå måltidet, legg av seg kappa og tek eit linklede og bind om seg.  5 Så slår han vatn i eit fat og tek til å vaska føtene til læresveinane og tørka dei med handkledet som han har om livet.  6 Han kjem til Simon Peter, og Peter seier til han: «Herre, vaskar du mine føter?»  7 Jesus svara: «Det eg gjer, forstår du ikkje no, men du skal skjøna det sidan.»  8 «Aldri i æva om du skal vaska føtene mine», seier Peter. «Dersom eg ikkje vaskar deg, har du ingen del i meg», svara Jesus.  9 Simon Peter seier til han: «Herre, ikkje berre føtene, men hendene og hovudet òg!» 10 Men Jesus seier til han: «Den som er bada, er heilt rein og treng ikkje vaska anna enn føtene. Og de er reine – men ikkje alle.» 11 For han visste kven som skulle svika han. Difor sa han: «De er ikkje alle reine.»
    12 Då han hadde vaska føtene deira og teke på seg kappa, tok han plass ved bordet att. Så sa han til dei: «Skjønar de kva det er eg har gjort for dykk? 13 De kallar meg meister og herre, og det med rette, for det er eg. 14 Når no eg, herren og meisteren, har vaska føtene dykkar, då skyldar de òg å vaska føtene til kvarandre. 15 Det er eit føredøme eg har gjeve dykk: Som eg har gjort mot dykk, skal de òg gjera. 16 Sanneleg, sanneleg, eg seier dykk: Ein tenar er ikkje større enn herren sin, og ein utsending er ikkje større enn den som har sendt han. 17 No veit de dette. Og sæle er de så sant de gjer etter det.» 
       

«Då dei heldt måltid……» Jødisk påskemåltid: Usyra brød, lammekjøt, vin, brent egg, bitre urter……Desse ingrediensane har ei meining. Usyra brød er brød baka utan surdeig og gjær, er ei form for flatbrød, men i denne samanhengen meiner ein  brød som jødane i all hast måtte baka før utferda frå Egypt. Ein rakk ikkje å vente til deigen hadde heva seg. Vinen symboliserer fest, glede, liv og grøde. Påskemåltidet er bygd opp over 4 beger med vin. Første beger er livets beger, fordi livet er ei gåve frå Gud. Det andre begeret står for `frelse` og i jødisk kontekst tenkjer ein på frelse frå slaveriet i Egypt. Tredje beger handlar om `velsigning` og fjerde om `håpet`. Lammekjøtet som jødane har ete i tusenvis av år, skal minne dei om Guds redningsaksjon med utferda frå Egypt, då påskelammet vart slakta og blodet vart strøke på dørkarmar. I dei husa der det budde jødar, gjekk dødsengelen forbi. Brent egg og bitre urter skal symbolisere slaveriet og lidinga jødane hadde i Egypt. På Jesu si tid var jødane innforstått med påskefeiringa og dei valfarta til Jerusalem for å vere med på feiringa.

Før måltidet begynte var fotvasking ein fast skikk i Israel. I dette varme landet er det vanleg å få støv på føtene. Fotvaskinga vi høyrde om i evangelieteksta i dag er heilt spesiell. Aldri hadde læresveinane vore med på noko liknande. Hendinga har ei sterk symbolsk meining. Jesus snur alt på hovudet. Det er ikkje rart at Peter reagerer. Er det ikkje tenaren som skal vaske føtene til dei som kjem til måltidet? Det kan jo ikkje vere Herren og Meistaren. Det blir feil.  «Dersom eg ikkje vaskar deg, har du ingen del i meg», svara Jesus. Kva? Er det mogleg? Jesus står  på sitt og Peter bøyer av. «Skjønar de kva det er eg har gjort for dykk? 13 De kallar meg meister og herre, og det med rette, for det er eg. 14 Når no eg, herren og meisteren, har vaska føtene dykkar, då skyldar de òg å vaska føtene til kvarandre. 15 Det er eit føredøme eg har gjeve dykk: Som eg har gjort mot dykk, skal de òg gjera. Jesus er samtidig tenar og herre. Slik som Jesus har elska oss, skal vi også elske kvarandre. Og Jesus kjærleik demonstrert ved fotvaskinga viser fram mot KJÆRLEIKEN han viste då han døydde for alle våre synder, for «Ingen har større kjærleik enn den som gjev livet sitt for venene sine.» (Joh. 15,13)

Jesus innstifta nattverden midt i sitt siste påskemåltid i Jerusalem. Då dukker påskelammet opp igjen reint fysisk som hovudingrediens i påskemåltidet, men også symbolsk og rituelt ved å peike på Jesus som det nye påskelammet. Han skulle om kort tid bli ofra, slik at ALLE kunne få tilgjeving og ein ny start. «Du, Guds lam, som bèr all verdsens synder,» syng vi i nattverdliturgien. Og Paulus understrekar det i den eine leseteksta i dag:  « Reins ut den gamle surdeigen så de kan vera ein ny deig: usyra, slik de verkeleg er. For vårt påskelam er slakta, Kristus.  Så lat oss halda høgtid, ikkje med gammal surdeig, ikkje med ein surdeig av vondskap og synd, men med usyra brød av sanning og reinleik.» (1. Kor. 5,7f)

«Kom for alt er gjort ferdig!» seier presten før nattverdsdeltakarane kjem fram for å ta imot brød og vin. «Er eg verdig?» er det mange som lurer på. «Kan eg gå fram?» Som svar på desse spørsmåla vil eg minna om, at det er noko grensesprengande i nattverdsfellesskapet. I nattverden møter vi den kjærleik som er sterkare enn døden. Og i nattverden møter vi Jesu opne armar, Guds nåde, som kan karakteriserast som «Guds ufortente godleik gitt med eit smil.» Kom å ta imot! «Dette er Jesu kropp!» «Dette er Jesu blod!» «Kom, for alt er gjort ferdig!»

Skjærtorsdag er felleskapet sin dag. Det var interessant å lese om Sandviken kyrkjelyd av DnK i Bergen, som vanlegvis (men ikkje i år) brukar å samlast rundt nattverdsbordet i kyrkja og til påskemåltid på kyrkjelydshuset etterpå. Der sit soknepresten vanlegvis på kne med eit vaskefat foran seg og håpar at nokon tør å late seg fotvaske. Presten omtalar fotvasken som ei kjærleiksgjerning og ei øving i å vere audmjuk: «Jesus sier at det han har gjort for oss, skal vi også gjøre. Derfor er dette noe jeg gjør med glede,» seier soknepresten.

VELSIGNA PÅSKEHØGTID!

 

Salme: Såkorn som dør i jorden
framført av Nordstrand kyrkjekor