25 år med strålande orgelmusikk


29. september er det 25 år sidan Ralph Cupper kom til Nordfjord saman med familien for å ta til i stillinga som kantor i Eid.
 
29. september er det 25 år sidan Ralph Cupper kom til Nordfjord saman med familien for å ta til i stillinga som kantor i Eid. I desse 25 åra har han gleda små og store med framifrå orgelmusikk både ved gudstenester i kyrkjene, konsertar og andre tilstellingar. Det er ingen som kan "trylle" så mange og vakre tonar ut av eit orgel som det Ralph får til! I tillegg har han m.a. gjennom konsertserien "Aftenmusikk" gjeve oss høve til å oppleve både lokale og internasjonale utøvarar i konsertane i Eid kyrkje. Tusen takk for nydelege musikk-opplevingar gjennom 25 år, Ralph! Vi er utruleg heldige som har ein av dei fremste konsert-organistane i Europa i teneste hos oss her i vesle Eid!