STÅRHEIM KYRKJE 150 ÅR!!


 
Den vakre kyrkja på Stårheim feirar 150 år i 2014. Stårheim er truleg ein av dei eldste kyrkjestadane på vestlandet - og ein kan spore kyrkjebygg her heilt tilbake til 1100-talet. Den noverande kyrkja vart bygd i 1864 og innvigd av prost Wilhelm Frimann Koren den 4. desember same året. Jubileumsåret vert markert med jubileumsgudsteneste søndag 1. juni kl. 11.00. Både prost, sokneprest og fleire av dei tidlegare prestane i Stårheim deltek. Etter gudstenesta vert det festsamvær med middag for innbedne gjester i ungdomshuset Fram.
Du kan lese meir om Stårheim kyrkje (og dei andre kyrkjene i Eid) ved å klikke på linken "Velkomne til nettsidene til kyrkja i Eid"