Myldredag for 2-åringane i Eid sokn
Myldredag for alle 2-åringane i Eid sokn på Eid kyrkjetun 26. september
VELKOMNE TIL MYLDREDAG FOR ALLE 2-ÅRINGANE!
Vi har gleda å invitere alle i Eid sokn fødde i 2013 med familie, til ei samling på Eid kyrkjetun laurdag 26. september kl. 13.00-14.30.
Alle 2 åringane skal få ei bordbrikke som har fine teikningar av kyrkjene i Eid, eit bordvers og ei kveldsbøn på.
Program: 
- ete graut
- ha ei lita samlingsstund
- synge
- leike med såpebobler
- dele ut bordbrikke.
På grunn av grauten er vi nøydde til å ha ei påmelding innan måndag 21. september på tlf. 57861755 eller e-post: kyrkjekontor@eid.kommune.no
Husk å gje beskjed om kor mange i familien som kjem og ev. allergiar t.d. mjølk.
Pris: 50,- pr. vaksen for graut
Vennleg helsing
Asbjørn Eikenæs, musikalsk barne- og ungdomsarbeidar
Heidi Isene, kyrkjelydsarbeidar
Tilbake