Konsert til inntekt for TV-aksjonen!


Kyrkjekonsert for Regnskogfondet torsdag 8. oktober kl. 19.00
 

Opera Nordfjord har i ei årrekkje arrangert konsert i Eid Kyrkje under operavekene, til inntekt for TV-aksjonen, der solistar og musikarar frå hovudproduksjonen har delteke.
I år vert sjølve aksjonen arrangert søndag 18. oktober, men allereie torsdag 8. oktober tjuvstartar Opera Nordfjord innsamlinga av midlar til Regnskogfondet, som er TV-aksjonen sin samarbeidspart i år.

Publikum får oppleve eit omfattande og variert program, frå Negro Spirituals, utdrag frå The Sound of Music, kammerensembler med strykarar og blåsarar til utdrag frå kjende operaer. Av solistane får vi høyre m.a. mezzosopran Ingunn Kilen, baryton Ole Jørgen Kristiansen og bass Carsten Stabell. Fleire av dei yngre kreftene i Maskeballet er òg elevar i Kulturskulen i Eid, og dei deltek både med strykeensemble og solistinnslag saman med lærar Olga Pavlova.

Konserten har fri entré. Den som ønskjer ein gratis konsert, er velkomen til ei flott konsertoppleving, og dei som ønskjer å støtte Regnskogfondet sitt viktige arbeid, kan gje ei gåve i kollekt ved utgangen. Alle medverkande stiller gratis, og heile kollekten går uavkorta til TV-Aksjonen.