FRIVILLIGPRISEN 2015 PÅ KYRKJEDAGEN


FRIVILLIGPRISEN 2015 PÅ KYRKJEDAGEN


Laurdag 17. oktober var det Kyrkjedag for Nordfjord på Nordfjordeid.
Biskop i Bjørgvin, Halvor Nordhaug, og stiftsdirektør Jan Ove Fjelltveit heldt interessante og inspirerande innlegg om Kyrkja no og i framtida under tittelen "Saman vil vi ........, ja, kva vil vi?"
Biskopen delte også tankane sine om korleis vi kan forhalde oss til vanskelege spørsmål og saker utan å skape splid i Kyrkja med forsamlinga. Desse tankane vart svvært godt mottekne av møtelyden.

Mellom dei ulike føredraga fekk vi også ei lita innføring i den nye salmeboka - og vi fekk synge ulike salmar og høyre litt av historia bak desse. Det heile vart leia på ein framifrå måte av kantor Mariel Eikeset Koren.

Under Kyrkjedagen vart også Frivilligprisen 2015 utdelt. I år var prisvinnaren Uni Lundgren frå Sandane. Ho fekk prisen m.a. for sitt store og brennande engasjement for born og unge i Kyrkja gjennom nesten 40 år!
Vi gratulerer prisvinnaren på det varmaste - og takkar samstundes møtelyd og innleiarar for ein flott Kyrkjedag!

På biletet ser du prisvinnaren flankert av biskop i Bjørgvin, Halvor Nordhaug, og prost i Nordfjord, Rolf Schanke Eikum
Tilbake