HEILAGE TRE KONGAR - FEST I KYRKJENE VÅRE!


Heilage Tre Kongarsfest for alle 3.klassingar i kommunen!

 
Til alle som går i 3. klasse i heile Eid !!
 
Først og fremst - takk for sist til alle som var på Tårnagenthelg i haust!
Det var veldig kjekt!
 
No er du og familien din hjarteleg velkomen til Heilage Tre kongars fest i:
Stårheim kyrkje søndag 3. januar kl. 11.00
Heggjabygda kyrkje søndag 3. januar kl. 15.00
Eid kyrkje søndag 10. januar kl. 11.00
Kjølsdalen kyrkje søndag 10. januar kl. 15.00
 
De kan møte i den kyrkja de har lyst og som passar best for dykk.
 
Der blir det Heilage tre kongars gudsteneste med mykje song og ei spanande historie om dei heilage tre kongane si ferd blir fortalt.
Som «julegåve» skal alle få boka «Jakten på Juliana» som er ei spanande bok, som handlar om Juliana som tragisk mistar mor si og er ganske åleine i verda, før Somlesinken, Hoppeklinken og Bokfinken (framhald frå 6 årsboka «Tre i eit tre») finn ho og må ta mange spanande avgjersler i møte med den skumle Armandt Grong. Men saman klarar dei det meste…
Både dei tre venane i «Tre i eit tre» og dei tre heilage kongane måtte ta store viktige og spanande avgjersler. Mange av dei skal vi få høyre om i kyrkja.
 
Velkomen til kyrkja med heile familien!
 
Venleg helsing
Ungdomsprest, Kaare Michael Christoffersen
Kateket, Beate Folkestad Osdal