Opera i kyrkja 29. januar


Opera Nordfjord på kyrkjeturné

 

Opera Nordfjord på kyrkjeturné

Mange operaer har religiøse tema, og i turnéproduksjonen Opera i Kyrkja presenterer Opera Nordfjord utdrag frå fleire kjende operaer, der handlinga utspeler seg i kyrkjerommet, i kyrkja sin eigen scenografi. Altarring, preikestol og altartavle vert vakre rekvisittar. Vi får høyre ariar, duettar, ensembler og korsatsar frå Tosca, Cavalleria Rusticana, Tannhäuser, Otello og Faust, elegant bundne saman i ein effektfull regi ved Trond Halstein Moe. Sjølv om forestillinga er samansett av utdrag frå forskjellige operaer, er det er likevel ein slags raud tråd gjennom handlinga, og rollene er gjennomgåande. Dei vert presenterte som rollene i Tosca, men i utdraga som følgjer, vert ikkje rollenamna nytta, slik at ein kan ha ein illusjon om at det er dei samme menneska det handlar om. Alt vert sunge på  norsk, slik at overgangane mellom dei ulike verka vert lette å følge.

I utdraget frå Tosca vert store deler av 1. akt framført, samt bakscenekoret frå 2. akt. I midtpartiet presenterer ein utdrag frå Cavalleria Rusticana, Otello og Tannhäuser, medan siste del av framsyninga er henta frå Faust. Solistar vert Ann-Helen Moen, sopran, Henrik Engelsviken, tenor og Trond Halstein Moe, baryton, medan Michael Pavelich er musikalsk leiar. Koreograf Candice Bredesen har ansvaret for dansenummera for ballettskulen.

Med flotte solistar, operakor, dansarar frå Ballettskulen i Eid og profesjonelt orkester ligg alt til rette for ei vakker, stemningsfull og mektig oppleving, der operakunsten vert foreina med kyrkjekunsten i 6 forskjellige kyrkjer på vest- og nordvestlandet. Helga 29.-31. januar er det Eid Kyrkje, Naustdal Kyrkje  og Stedje Kyrkje som får oppleve kyrkjeoperaen, medan Volda Kyrkje, Molde Domkirke og Ålesund Kirke står for tur helga 5.-7. februar.

Sjå meir her: Opera Nordfjord - billettar