Gospelkonserten 4. desember kl. 14.30 er flytta til Operahuset Nordfjord!!


med The Harlem Voices og Stårheim Songlag

 

 

The Harlem Voices med julekonsert i Eid Kyrkje

Etter meir enn 20 år med erfaring frå scener rundt omkring i Europa, USA, Japan og Sør-Amerika kjem fantastiske The Harlem Voices til Eid Kyrkje 4. desember  med sjelfull, funky og svingande gospel, soul og Rhythm & Blues! Dei syng og dansar så taket nesten løftar seg, og det er all grunn til å sikre seg billettar til  ei konsertoppleving av dei sjeldne – denne konserten MÅ du berre få med deg!

Eric B. Turner, som er musikalsk leiar, er frontvokalist i The Temptations og The Drifters og har også lang erfaring frå Broadway-musikalar og TV-show. Han har sunge med m.a. Mariah Carey, Anita Baker og Chaka Khan. The Harlem Voices er samansett av 5 songarar, pianist og slagverkar og kjem frå Harlem i New York.

Stårheim Songlag med dirigent Olga Pavlova  skal ha eiga avdeling, og vi kan berre ane stemninga vi skal få oppleve i Eid Kyrkje når konserten vert avslutta med mektige fellesnummer av våre amerikanske gjestar og lokale musikkvener.

Kom til Eid Kyrkje søndag 4. desember kl. 14.30 – NB! Merk tida!

Billettar kjøper du på nett her: eller ved døra frå kl. 13.45.

 

Billettprisar:Klikk for større bilete

Vaksne: kr 380,- 

Born/ungdom/student/honnør: kr 220,- 

 

Arrangør: Aftenmusikk

 

 

Lenkjer til musikk med The Harlem Voices på nett:

https://www.youtube.com/watch?v=DO_me5BilmE&feature=youtu.be

https://www.youtube.com/watch?v=k2V7VDdqKdg

https://www.youtube.com/watch?v=YUd8kCcmWA0