UNGDOMAR MÅLAR HEGGJABYGDA KYRKJE


UNGDOMAR MÅLAR HEGGJABYGDA KYRKJE


Den vakre kyrkja i Heggjabygda har trong for vedlikehald. Kyrkja skal målast på utsida, og det skal også gjerast litt vedlikehald på deler av bordkledninga. Også det elektriske anlegget i kyrkja må sjåast over - og i alle fall skiftast delvis.

I løpet av sommaren har 5 flotte ungdomar frå Heggjabygda måla mesteparten av kyrkja på utsida! Det som no står att er tårnet og øvst oppe på veggane. Vi er svært takksame for at ungdomen er villege til å stille opp på slikt arbeid - og ynskjer med dette å takke dei hjarteleg for god innsats! Det som no står att av målararbeid må vi truleg utsetje til neste år - og vonar at ungdomane kanskje har høve til å vere med også då?


Frå venstre: Ingrid Heggen, Alexa Rogdo Melheim, Tarald Rogdo Melheim og Andrine Hegggen. Kristin Heggen var også med og måla kyrkja - men ho var diverre ikkje til stades når biletet vart teke.

Tilbake