Luke nr. 15


Håvard Furnes vart tilsett i Stad kyrkjelege fellesråd i september i år.

Advent luke 15

Han har ei tredelt stilling som ungdomsarbeidar, kyrkjegardsarbeidar og kyrkjebyggansvarleg. Han er 30 år, kjem opprinneleg frå Giske på Sunnmøre og bur no på Naustdal saman med ein son og ein katt.

Håvard er utdanna tømrar med 2-årig fagskule. Han har og vore elev på Øytun folkehøgskule i Alta. Tidlegare har han m.a. jobba som eittåring i Laget (NKSS), for A.O. Bakke og i Recover.

Håvard har mange interesser. Han spelar piano, syng i Eid mannskor og har vore med på fleire musikalar, teater- og operaframsyningar. Han driv og med friluftsliv, som fjellturar og telemarkkøyring.

Håvard er ein svært allsidig, positiv og omtenksom kar, med stort hjerte for arbeidet og alle rundt seg! Vi er svært heldige som har fått Håvard med på laget!

På bileta ser vi Håvard på tur med ungdomane (Laurdagsgrauten dreg til fjells) og under opplæring med gravemaskin.

Tilbake