Luke nr. 10


Luke nr. 10


Jon Inge Sigerland er organist i Stad med hovudvirke i Ervik-, Leikanger- og Selje kyrkje.

Advent, Luke 10

Han er født i Oslo i 1964, vaks opp på Lamberseter, og budde i hovudstaden til han flytta til Selje i 2003, der han no bur saman med dattera si.

Jon Inge via tidleg livet sitt til musikken. Han studerte piano, orgel og komposisjon, og har åtte års musikkutdanning frå både norske og danske høgskular/universitet. I Oslo jobba han mykje som akkompagnatør.

I 20 år har Jon Inge gjort musikk- og kulturlivet i regionen vår rikare. I tillegg til gudstenester, bryllaup og gravferder, har han arrangert eit utall konsertar. Det er mange kor og lag som har nytt godt av Jon Inge sin kompetanse. Han har m.a. vore fast pianist i Frisk Bris i mange år, og han er ein ettartrakta pianist for mange lokale og nasjonale artistar. Han får og tid til å arrangere og komponere musikk.

Jon Inge sin store hobby utanom musikk er sjakk. Han er med i styret i Nordfjord sjakklubb og ivrar for å lære opp ungdomen!

Jon Inge trivst godt i Selje/Stad med greie folk og gode kollegaer, og eit flott musikkliv! Vi trivst veldig godt med å ha Jon Inge i staben!

Her ser vi bilete av Jon Inge ved orgelet i Selje kyrkje, med sjakkspeling på nattkafeen og på Flygelbonanza i Operahuset.

Tilbake