Luke nr. 7


Helge Magnar Borgund er kyrkjetenar i Leikanger kyrkje.

 

Advent, 7. desember

Han bur på eit småbruk i Borgundvågen saman med kona Aud. Dei har drive med både geiter, sauer, grisar og kyr. No har sonen teke over, men Helge hjelper til så ofte han kan. 

Helge har eit mangfoldig yrkesliv bak seg. Han har vore tilsett i kyrkja i snart 40 år, både som kyrkjetenar, kyrkjegardsarbeidar og kyrkjeverje i Selje. Han vore med på med det meste i kyrkja (utanom å spele eller halde preike) så han vert flittig brukt som konsulent og rådgjevar for kyrkjeverja. Elles har han laga plastbåtar og montert motorar, vore kommunearbeidar i teknisk etat og mange år som dreiar og mekanikar.

Helge er ein kunnskapsrik, engasjert og livsglad mann. Han tek seg tid til ein prat og har alltid ei god historie på lur! Vi er heldige som får jobbe saman med Helge!

På bilete ser vi Helge i arbeid på garden og saman med geitene, samt eit pynta juletre i Leikanger kyrkje.

Tilbake