Klassisk Jul - Akustisk konsert


Klassisk Jul - Akustisk konsert


i Eid kyrkje 4. desember kl. 19.00

Klassisk Jul – akustisk konsert

Bror Magnus Tødenes (tenor) og Hallvard Fremstad (piano)

Den internasjonalt prisbelønte tenoren, Bror Magnus Tødenes, har på få år gått frå å vere eit lokalt talent frå Eiksund, til å etablere seg på høgste nivå i den internasjonale operaverda. No legg han juleturen heim om Sunnmøre og Nordfjord og vil halde akustiske konsertar med klassisk repertoar som passar inn mot julehøgtida. Programmet vil innehalde mange songperler og med ein operatenor på besøk, kan ein vente O Helga Natt. Og mange andre nydelige songar som store tenorar som Jussi Björling og Luciano Pavarotti har sett standarden for. Det vert og utdrag frå G F Händels meste kjende verk, ”Messias”.

Konserten er i tett samarbeid med sokna, og lokale krefter i kyrkjelyden vil og ta del med tekstlesing og felles framføring av utvelde stykker. I tillegg til alsong-nummer vert det og innslag der publikum kan synge med Bror Magnus. Han har med seg pianist Hallvard Fremstad, og dei reknar med at det vert god oppleving når musikken vert framført i nær kontakt med publikum.

Klassisk Jul – med framifrå song og behagelig akustisk stemning.

Bror Magnus Tødenes har siste året vore i tilsett i solistensemblet ved Wiener Staatsoper og har hatt stor suksess i mange roller ved det renommèrte operahuset. Han har og hatt ei rad roller og konsertar på dei store opera- og konsertscenene. Ved Salzburg festspiele, Salzburg Easter festival, Festspielhaus Baden-Baden, Copenhagen operafestival, Oslo operafestival, Festspela i Bergen, og konsertar i Roma, Reykjavik, København, Oslo, Stavanger, Trondheim og Bergen. Denne hausten/jula er Bror Magnus m.a. engasjert som solist av symfoniorkestera i Stockholm, København, Malmø, Gøteborg, Oslo og Trondheim. I sesongen 2018-19 har han fleire operaengasjement, m.a. i Paris og Oslo. Han skal og halde konsertar i Poznan/Polen, Tivoli/København og Festspela i Bergen. Han mottok nyleg Jussi Björlingselskapets pris 2017, og vann 1.pris og publikumsprisen i Renata Tebaldi International Song Competition i San Marino i 2015.

Pianist Hallvard Fremstad er busett i Ålesund og er ein av dei mest allsidige musikarane på Sunnmøre. Med bakgrunn frå Sølvguttene, der han og i ei periode var visedirigent under legendariske Torstein Grythe, har Hallvard sjølv dirigert ei rekke kor og ensembler i Ålesundsområdet, m.a. A Cappella, Mannskoret Dovre, Von Dess og Vokalgruppa Kort og Godt. Han er ein etterspurd pianist og akkompagnatør for kor og solistar, m.a. Sølvguttene, Bror Magnus Tødenes, Rein Alexander, Magne Fremmerlid, og Sonja Remmen Alnes, og innan humorbransjen, der han har spelt med SMXL og er fast pianist for heile Ålesunds Astrid Overaa. Han er og kjend som limerick-poet med eige soloshow ”Lege Uten Bremser” som gjekk for fulle hus i 2015 og 2016. Bror Magnus og Hallvard har dei siste åra samarbeida både på konsertprosjekt og eventjobbar. Hallvard Fremstad arbeidar til dagleg som overlege ved revmatologisk avdeling på Ålesund Sykehus.

 

Høyr dei på youtube her: https://www.youtube.com/watch?v=tU05OXtUCys

Kjøp billettar her: https://pay.ebillett.no/velg_antall.php?p_id=146&arrnr=8994&kanal=fw

Konsertdatoar:
Torsdag 30. november: Larsnes kyrkje - Larsnes
Søndag 3.desember: Spjelkavik kyrkje - Moa
Mandag 4.desember: Eid kyrkje - Nordfjordeid
Tirsdag 5. Desember: Volda kyrkje - Volda
Torsdag 7.desember: Ulstein kyrkje - Ulsteinvik
Fredag 8.desember: Skodje kyrkje – Skodje
Laurdag 9.desember: Herøy kyrkje – Fosnavåg                                

 

Tilbake