Onsdag 14.06.2017 hadde Selje kyrkjelege fellesråd og Eid kyrkjelege fellesråd møte på Fjordly ungdomssenter.
Onsdag 14.06.2017 hadde Selje kyrkjelege fellesråd og Eid kyrkjelege fellesråd møte på Fjordly ungdomssenter.
Der vart dei einige om at kyrkjeverjene i dei to fellesrådsområda skulle utarbeide framlegg til mandat og samansetnad av kyrkjeleg fellesnemnd i samråd med leiarane for fellesnemndene.
Sommaren/hausten 2017 gjorde dei to kyrkjelege fellesråda likelydande vedtak om å opprette Stad kyrkjelege fellesnemnd som skal ta seg av alle prosessar i samband med samanslåinga.
Første møte i Stad kyrkjelege fellesnemnd vart halde måndag 13. november 2017 på Fjordly ungdomssenter.
Etter dette har det skjedd mykje. Fleire møte i fellesnemnda har vore haldne, PSU er i gang, stabane har hatt fellesdag - og vi har prøvd ut det intuitive samarbeidet gjennom å arrangere ein flott stand.
Alt dette kan de lese om på den nye, felles heimesida vi har oppretta her