
Opera
Nordfjord har i ei årrekkje arrangert konsert i Eid Kyrkje under operavekene, til
inntekt for TV-aksjonen, der solistar og musikarar frå hovudproduksjonen har
delteke.
I år vert sjølve aksjonen arrangert søndag 18. oktober, men allereie
torsdag 8. oktober tjuvstartar Opera Nordfjord innsamlinga av midlar til
Regnskogfondet, som er TV-aksjonen sin samarbeidspart i år.
Publikum
får oppleve eit omfattande og variert program, frå Negro Spirituals, utdrag frå
The Sound of Music, kammerensembler med strykarar og blåsarar til utdrag frå
kjende operaer. Av solistane får vi høyre m.a. mezzosopran Ingunn Kilen,
baryton Ole Jørgen Kristiansen og bass Carsten Stabell. Fleire av dei yngre
kreftene i Maskeballet er òg elevar i
Kulturskulen i Eid, og dei deltek både med strykeensemble og solistinnslag
saman med lærar Olga Pavlova.
Konserten
har fri entré. Den som ønskjer ein gratis konsert, er velkomen til ei flott
konsertoppleving, og dei som ønskjer å støtte Regnskogfondet sitt viktige
arbeid, kan gje ei gåve i kollekt ved utgangen. Alle medverkande stiller
gratis, og heile kollekten går uavkorta til TV-Aksjonen.