Babysongsamling med utdeling av "Sangboksen min"
Babysongsamling med utdeling av «Sangboksen Min»
19. januar kl. 10.30-12.00 vert det igjen Babysongsamling på Eid kyrkjetun for alle nyfødde. Alle barn fødde frå september og fram til samlinga vil få ein invitasjon i posten, men alle som ikkje har fått «Sangboksen Min» før og som ønskjer den, vil få den. Det vert vanleg babysong først, og så vert det servering av ein enkel lunsj, prat og kos for store og små.