Tårnagentsamling i Leikanger kyrkje


Tårnagentsamling i Leikanger kyrkje


Tårnagentsamling i Leikanger kyrkje søndag 1.mars kl. 11-17.
Familiesamling kl.16:00 Alder: 8 og 9 år  (fødd 2017-2018)

Tårnagentlogo

Vi håper du vil vere Tårnagent i lag med andre på 2.og 3.trinn og gå på symboljakt i Leikanger kyrkje!

Vi skal løyse oppdrag og finne spor som kan hjelpe oss, og undervegs må vi gå nøye gjennom kyrkja heilt opp i tårnet.

Det er viktig at vi finn alt saman før familiesamlinga kl.16.

Då får de vere med og fortelje kva de har funne ut.

Dei som løyser oppdraga får ei fin gåve.

Vi må sjølvsagt ha agentmat slik at vi klarer å løyse alle oppdraga.

 

 

 

Kjære føresette!    

Leikanger og Ervik kyrkjelydar inviterer 2.og 3.trinn til å vere tårnagentar i Leikanger kyrkje søndag 1.mars.

Her får dei utforske kyrkja og løyse oppdrag og dei får eigen agentkode (som de finn i den tilsende innbydinga).

Vi avsluttar med familiesamling i Leikanger kyrkje kl.16.

Då får tårnagentane vise fram litt av det dei har funne ut.

Store og små er hjarteleg velkomne til å vere med.

Fint å få beskjed om du kjem!

Meld frå om barnet ditt treng tilrettelegging – også allergier.

Det er gratis å delta.

Når de kjem, må de oppgi agentkoden og følgje barnet gjennom det første oppdraget. Kjekt om de vil vere med heile tida.

Viss det er ting de lurer på, er det berre å ta kontakt!

 

Med venleg helsing

Eline Sandnes, kyrkjelydspedagog     tlf  918 77 062

 

Tilbake