Lys Vaken i Eid kyrkje


Lys Vaken i Eid kyrkje


Det blir Lys vaken for born på 6. trinn frå Eid, Stårheim, Kjølsdalen og Totland sokn laurdag 29. nov. kl. 17:00 til søndag 30. nov. kl. 12:00.
Pris: kr 100,- 

«Lys Vaken» betyr ikkje at vi skal vere vakne heile natta,
men at vi skal vere vakne for oss sjølv, det som skjer rundt oss, for kvarandre og for Gud.

Program:
Vi skal ha lyssamling, syngje, gå på oppdagingsferd, ete pizza, løyse oppgåver, høyre forteljing, sove og mykje meir.

Søndag kl.11.00 avsluttar vi med familiesamling
Då kjem familiane og blir med.
Det vert vaken nattevakt, og barna vil få mat og elles alt dei treng til alle måltid og hobbyaktivitetar.

Ta med:
Sovepose, liggjeunderlag, toalettsaker, pyjamas, bibel,  inne- og uteklede.

Klikk for påmelding her innan tysdag 25.november

Viss det er noko de lurer på,
er det berre å ta kontakt!

Med venleg helsing
Eline Sandnes, kyrkjelydspedagog 
mobil: 918 77 062

Tilbake