Konfirmasjon
Alle ungdomar får tilbod om å delta på konfirmantundervisning frå hausten av det året dei fyller 14 år.

Konfirmasjon har lang tradisjon i Den Norske Kyrkja
Alle ungdommar får tilbod om
å vere med på konfirmantundervisning det året dei fyller 14 år og går i
9.klasse. I vårt fellesråd startar konfirmantåret om hausten med konfirmasjon
våren etter. Læringsmålet er å gje ei
innføring i den kristne trua og gudstenesta i kyrkja vår og utfordre til å ta
eigne val, solidaritet og likeverd.
Vi sender ut ein invitasjon
til å vere konfirmant, der det står korleis ein finn påmeldingsskjema på
nettsida vår.
Ta kontakt om de ikkje har fått invitasjon. Ved påmeldinga finn de også
informasjon om oppstart av konfirmantåret,
kva ein pliktar seg til og
påmelding til foreldre-dugnad. Fyll nøye ut på skjemaet. Det
er der vi kan finne opplysningane vi treng for å tilrettelegge konfirmantåret.
Ta gjerne kontakt direkte eller skriv på skjemaet at de ønskjer at vi tek
kontakt.
For å bli konfirmert, må ein
vere døypt. Er du døypt andre stader enn i Den norske kyrkja, må du leggje fram
dåpsattest.
Er du ikkje døypt avtaler vi ei tid for det i god tid før
konfirmasjonsdagen.
Ein kan og vere med på
konfirmantåret utan å vere med på sjølve konfirmasjonen.
Pris 1250,- pr konfirmant, dersom nokon treng å få dekka kostnaden, er det berre å seie frå.