Dåp


”Jesus seier: Lat småborna koma til meg, og hindra dei ikkje, for Guds rike høyrer slike til!”

 

(Sjå kalendar for babysong nedst på sida)

 

Velkomen til dåp!  

Om de tenkjer at de vil døype barnet dykkar, tek de kontakt med kyrkjekontoret på Eid eller i Selje for å finne aktuelle gudstenester og samstundes melde barnet til dåp. Vi ynskjer også helst at de sender oss ein e-post med kontaktinformasjon og ynskt dåpsdato. Etterpå sender de utfylt dåpsskjema - sjå lenger ned på sida - til oss (gjerne scanne og sende på e-post), slik at vi har det seinast eit par veker før dåpen.

Dersom de bur i ein annan kommune, men ynskjer at dåpen skal skje i ei av kyrkjene i Stad kommune, tek de kontakt med kyrkjekontoret vårt og avtalar dåpsdato. Så lyt de ta kontakt med kyrkjekontoret der de bur for å fylle ut dåpsskjema (kan vere noko ulikt vårt skjema) og få avtale om dåpssamtale med presten i soknet de bur i. Be om at dåpsskjemaet blir sendt til oss på e-post snarast mogleg.

Om de bur i Stad kommune, men ynskjer dåp utanfor kommunen, tek de sjølve kontakt med kyrkja der de ynskjer å døype barnet dykkar for å avtale dåpsdato. Ta kontakt med oss for å levere dåpsskjema. Vi sender skjemaet til soknet der de skal ha dåpen.

Hugs at de også må melde barnet sitt namn til folkeregisteret i god tid før dåp. Begge foreldre må signere, og de må sjekke at de får tilbakemelding.

Dåp blir førebudd ved
- frammøte til vanleg babysong og ei litt større babysongsamling der dåp er tema
- dåpssamtale med presten.

Informasjon om babysong og babysongsamlingar blir lagt på Facebook og på heimesida vår. Babysong er eit tilbod til alle babyar, ikkje berre dei som skal døypast.

Ta kontakt med kyrkjekontoret omlag 2 veker før dåpen for å avtale dåpssamtale med presten som skal døype, dersom han ikkje allereie har teke kontakt (prestane har normalt fri på måndagar).

Etter dåpen vil Trusopplæringa i Stad kome med mange gode tilbod til barnet dykkar.
Dei første tre åra vil barnet få eit postkort frå heimsoknet med påminning om dåpsdagen og å tenne dåpslyset. Alle born av medlemmer i kyrkja i Stad, vil også seinare få  innbyding til arrangement tilpassa alder i regi av Trusopplæringa.

For når de seier ja til dåp, seier de samstundes ja til opplæring i den kristne trua for barnet dykkar. Og om de vurderer at dåp ikkje er aktuelt i første omgang, så kan det vere at barnet sjølv ynskjer dåp med tida, eller at de likevel vel å døype borna etter nokre år. Då er de framleis velkomne til å melde borna til dåp.

Åra med trusopplæring blir avslutta med konfirmantundervisning og konfirmasjon. Konfirmasjon er bekreftinga på at barnet har fått den trusopplæringa foreldre og fadrar lovde å gi ved dåpen. Etter konfirmasjonen vil det likevel nokre år framover komme tilbod som ungdommane kan nytte seg av. 

”Jesus seier: Lat småborna koma til meg, og hindra dei ikkje, for Guds rike høyrer slike til!

Er du sjølv over konfirmasjonsalder og ynskjer å bli døypt?
Ta kontakt med kyrkjekontoret, så vil du bli godt motteken. Det er aldri for seint.

VELKOMEN TIL KYRKJA!

Babysong


Babysong er eit tilbod til alle babyar fram til omlag eitt år, og er ein fin og sosial syssel for born og foreldre under barselpermisjonen.

Vi driv med song, enkle leikar med stoff og ballongar, rytmar og musikk.

Alle er hjarteleg velkomne, anten de tenkjer å døype borna eller ikkje.