Korleis vert det å gå i kyrkja framover?


No vert det endeleg mogeleg å treffast igjen. Vi gler oss veldig. For at dette skal kunne gjennomførast best mogeleg, er vi nøydde å ta førehandsreglar. 

 

For dei besøkjande si skuld, og dei som arbeider i kyrkja, ber vi om at du les informasjonen nøye. Ting forandrar seg fort, og nye reglar kan dukke opp.
Gjer det til ei vane å gå til www.Stadkyrkje.no før du går i gudsteneste, slik at du held deg oppdatert.

Smittevern for kyrkjene i Stad.
Sjuke personar skal ikkje delta eller vere til stades.
Det gjeld her, slik som andre stadar: Dersom du har symptom på luftvegsinfeksjon, eller er i karantene, skal du ikkje vere til stades på arrangement i kyrkja.

Rutinar for handhygiene og reinhald
Handsprit er tilgjengeleg ved inngang og på forskjellege stadar i kyrkja.
Dørhandtak, benkar, nattverdskalkar og andre kontaktpunkt vert reingjort og desinfisert mellom kvart arrangement. Ver vennleg og bruk handspriten.

God avstand og minst mogeleg fysisk kontakt
Hald avstand, minst ein meter, både inne og ute.
(dette gjeld ikkje dei som bur i same husstand)
Maksimalt 200 personar kan vere til stades i tillegg til medverkande. Halvparten av benkane blir stengde for å oppretthalde éin meter avstand. Ikkje bruk desse benkane.
 

Bruk av inventar og utstyr
Vi skal ikkje bruke salmebøker.
Vi viser i staden salmar på anten skjerm eller programark. Dersom programark vert nytta, skal desse kastast etter bruk.

Registrering av deltakarar
Vi registrerer namn og telefonnummer på dei som møter.
Styresmaktene har bestemt at vi skal ha oversikt oven kven som er i kyrkja, slik at vi kan bidra ved eventuell smittesporing. Registreringslista vert oppbevart i 10 dagar før den vert makulert.
Dette jfr. Covid-19-forskriftens §13.

Det vil også henge plakatar i kyrkjene med reglane.