VARIERT KONSERT I EID KYRKJE 11. MAI


VARIERT KONSERT I EID KYRKJE 11. MAI


LAURDAG 11. MAI KL. 20.00 VERT DET VARIERT KONSERT I EID KYRKJE MED:


Consonanz a 4
Consonanz à 4 ,  er ein velklingande kvartett av fire berømte, profesjonelle songarar:  Wiltrud de Vries(sopran); Annette Gutjahr(mezzosopran); Bernhard Scheffel(tenor) og Allan Parkes(bass), fra Bremen i Tyskland.   Denne kjende vokalgruppa har spesialisert seg på å framføre a-cappella musikk fra det 19. og 20. århundre.  
Consonanz à 4 har sunge konserter med stor suksess i mange land, og er veldig etterspurde. Dei har ogsåsunge i Eid kyrkje før. Dei blei m.a. inviterte til å delta i Aftenmusikk 2009. På laurdag 11. mai vil folk difor få endå eit høve til å vere med på ei spanande musikalsk rundreise i Europa. Ei rundreise som denne gongen vil inkludere bl.a. musikk av Ravel, Poulenc, Elgar, Finzi og Rheinberger.  
Saman med Consonanz à 4  deltek også organist, Ralph J. Cupper.


Ralph J. Cupper
 


Arne Sølvberg
I tillegg deltek også den dyktige og landskjende folkemusikaren Arne Sølvberg. Arne treng ikkje nokon nærare presentasjon for folk i Nordfjord. Han er ein av dei aller fremste folkemusikarane i Norge - og få kan lokke fram slike tonar frå hardingfela som han! 11. mai kan ein oppleve Arne og musikken hans i Eid kyrkje!

Derfor: dersom du er glad i folkemusikk og vokalmusikk så kom til Eid kyrkje laurdag 11. mai kl. 20.00

Billettprisar: kr. 150,-
Familiebillett: kr. 400,-

 

 

 


 

Tilbake