Kjære 5.-klassingar og foreldre/føresette!
Det er ei stor glede for oss i kyrkja å ønske dykk velkomne til hausttakkefest med utdeling av bibel:
Søndag 17. september kl. 11.00 i Kjølsdalen kyrkje
Søndag 01. oktober kl. 11.00 i Eid kyrkje
Søndag 01. oktober kl. 15.00 i Stårheim kyrkje
Dersom det ikkje passar å møte i den kyrkja de høyrer til er de velkomne til å møte i ei anna kyrkje. Utdeling av bibel er eit tilbod til alle, også dei som ikkje er døypte. Bibelen vert brukt i Minikonfirmantsamlingane som de snart får invitasjon til, og i konfirmantundervisninga.
Om nokon ønskjer bibel, men ikkje har høve til å kome på gudstenestene, kan de ta kontakt og eventuelt hente den på kyrkjekontoret. Velkomen til kyrkje med heile familien!
Med vennleg helsing
Kaare Michael Christoffersen, ungdomsprest
Rolf Schanke Eikum, prost