Marta Elvebakke er tilsett som sekretær i Stad kyrkjelege fellesråd. Ho har arbeidd på kyrkjekontoret på Eid sidan 2013.
Marta er fødd i 1966 og har vakse opp på Stårheim. Ho og mannen bur på eit småbruk i Ervik (Kjølsdalen) og har fire vaksne born, fem barneborn, katt, eit par høner, nokre få sauer og tre-fire traktorar. Nokre av traktorane er å sjå på vegane i brøytesesongen.
Arbeidet som sekretær er er mangfaldig. Det går m.a. i telefonmottak, registrering av dåp, konfirmasjon, vigsel og gravferd, fakturering av festeavgifter og gravstellavtaler – og å bistå tilsette med kontorarbeid når det er bruk for.
På fritida spelar Marta i korps. Siste 35 åra har ho spela i Kjølsdalen musikklag, men ho starta som aspirant i Stårheim skulekorps i 1976. Ho fortel ofte og gjerne kor kjekt det er å spele i lag med andre, og rår alle å bli med i korps eller kor. Marta er og glad i hagearbeid.
Marta er velvillig, dyktig og engasjert og vi er veldig glade for å ha Marta i staben!
Bilete viser Marta (i lunsjen) på eit adventspynta kontor, Marta med trombone i Kjølsdalen musikklag, og ei solsikke frå hagen.