Per Sigvald Røyset er kyrkjegardsarbeidar i Stad med hovudvirke på gravplassane i Ervik, Leikanger og Selje.
Han har vore tilsett som kyrkjegardsarbeidar sidan 1996 og har soleis lang fartstid i kommune og kyrkje! Han har og vore kyrkjetenar i Selje ei tid. Før 1996 har han m.a. vore fiskar og jobba på taufabrikk og hermetikkfabrikk.
Per bur ut på Stranda i Selje saman med kona Eline. Her driv han eit småbruk med kjøtproduksjon og er styremedlem i Eid, Selje og Vågsøy bonde- og småbrukarlag. Per er og engasjert i fagforeiningsarbeid og er områdetillitsvald i Delta for kyrkjetilsette i Nordfjord prosti.
Per er ikkje vanskeleg å be når det gjeld å hjelpe til på andre arrangement og aktivitetar i kyrkja, som snekring på aktivitetsveka og grilling på konfirmantsamling. Han er tolmodig og grundig, og vi takkar for arbeidet Per gjer for kyrkja!
Bileta viser utsikta frå stoveglaset til Per, snekring på aktivitetsveka i Selje og arbeid på kyrkjegarden.