Luke nr. 9


Ralph John Cupper er kantor i Stad, med hovudvirke i Eid-, Heggjabygda-, Stårheim-, Kjølsdalen- og Totland kyrkje.

Advent, luke 9

Han er fødd og oppvaksen i Norwich i Norfolk, England, men flytta til Nordfjordeid i 1988 saman med kona Karin. Dei har to søner og to barnebarn.

I 35 år har Ralph gitt bygdene våre orgelmusikk på høgt internasjonalt nivå! Ralph er og pianist, dirigent og komponist, og kvar onsdag øver han med koret i Eid kyrkje.

Ralph er utdanna kantor og teolog ved Royal Academy of Music, London, og Universitetet i Cambrigde. Han er ein ettertrakta konsertorganist og har vore på fleire turnear i England, Tyskland og Noreg.

Ralph er og ein flittig andaktshaldar både på institusjonane våre og på nett! Han er og med og arrangerer Eid Seniortreff, eit populært tilbod. Elles samlar han på gamalt tannlegeutstyr og er glad i hundar!

Ralph er ein oppfinsam, dedikert og engasjert organist med stort hjerte for kyrkjelyden! Vi er takknemlege for å ha Ralph i staben!

Biletet er av Ralph ved orgelet i Eid kyrkje.

Tilbake