Luke nr. 8


Marita Aarvik er kyrkjetenar i Ervik kyrkje.

Advent, Luke 8

Ho er fødd i Ålesund i 1963 og vaks opp i Mauseidvåg i Sula kommune. Ho er gift med Alvin og dei bur i Årvika ytterst på Stadlandet. Dei har fire barn og sju barnebarn.

Marita er og fast vikar på legekontoret i Vanylven. Helsevesenet engasjerer henne, og ho er m.a. leiar for Felles brukarutval i Helse Førde. Ho held og førstehjelpskurs.

I tillegg til jobb og familie driv ho med organisasjonsarbeid som t.d. sokneråd og Røde kors. Ho er glad i å strikke, lese bøker og lage blomsteroppsatsar. Ho elskar å pynte i kyrkja!

Marita er ei sosial, engasjert og modig dame som stadig er på farten! Det er kjekt å ha Marita som kyrkjetenar i Ervik!

Vi ser bilete av Marita, eit nyleg pynta juletre i Ervik kyrkje og Marita som instruktør på førstehjelpskurs for staben.

Tilbake