Luke nr. 2


Astrid Seljeseth vart tilsett som kyrkjetenar i Eid og Stårheim i oktober i år, men har i lang tid vore vikar hos oss i fleire kyrkjer.

Advent, 2. desember

Ho er 32 år, har vakse opp i Alta og bur no i Kjølsdalen med mann og to barn. Ho har bachelor i musikk og tek i år PPU ved Høgskulen i Volda. Det hender ho tek med trompeten og spelar på gudstenestene til stor glede for både organist og kyrkjegjengarar!

Astrid er ei allsidig og tøff dame, og vi er veldig glad for at ho ville jobbe hos oss!

Biletet er frå ei gudsteneste i Totland kyrkje.

Tilbake