Kommunane Selje og Eid skal slå seg saman til nye Stad kommune frå 01.01.20120. Ein av konsekvensane av dette er at også dei kyrkjelege fellesråda i dei to kommunane skal slåast saman frå same tidspunkt (Kyrkjelova § 5). Det er tette band mellom kommune og kyrkje, både økonomisk og organisatorisk. Den lokale verksemda til Den Norske Kyrkja er i stor grad finansiert gjennom kommunane. Dei kyrkjelege fellesråda har arbeidsgjevaransvar for alle tilsette i Kyrkja utanom prestane. Dei har også ansvaret for bygging, drift og vedlikehald av kyrkjer og gravplassar, samt å skaffe nødvendige lokale til prestekontor og anna kyrkjeleg verksemd, m.a. konfirmantundervisning.
På same måte som i dei to kommunane skal dei kyrkjelege fellesråda opprette ei fellesnemnd som er ansvarleg for gjennomføring av samanslåingsprosessen og førebu skiping av det nye Stad Kyrkjelege Fellesråd den 01.01.2020. Tilskotsmidlar som kommunane har motteke av staten til samanslåingsarbeidet skal også dekke kostander til dette innan kyrkjeleg sektor.
Eid Kyrkjelege Fellesråd og Selje Kyrkjelege Fellesråd har i 2017 valt medlemer til kyrkjeleg fellesnemnd og også gjeve nemnda mandat til arbeidet. Den kommunale fellesnemnda har stilt midlar til rådvelde for arbeidet etter søknad med førebels budsjett frå Kyrkja.
Stad Kyrkjelege Fellesnemnd hadde sitt fyrste møte måndag 13. november. Der vart nemnda konstituert, og er etter dette er samansett slik:
Leif Johnny Prestvik (leiar)
Lars Frode Humborstad (nestleiar)
Berit Heien Heggen
Ulf-Inge Kjerpeseth
Tone Lillian Stokke
Sylvi Olsson
Haldis Haavik
Kirsti Stave Stevik
Fellesnemnda tilsette samstundes kyrkjeverja i Eid, Kristen Hundeide, som prosjektleiar for samanslåingsprosessen i inntil 50% stilling. Hundeide vert frikjøpt frå Eid Kyrkjelege Fellesråd til dette arbeidet – men skal framleis også vere kyrkjeverje i Eid.
Noko av det fyrste fellesnemnda vil gjere er å opprette eit sokalla «partssamansett» utval der også representantar frå dei tilsette i Selje og Eid skal vere med. Dette utvalet skal handsame, og gje uttale til, alle saker som vedrører tilhøvet mellom arbeidstakar og arbeidsgjevar (t.d. stillingar, arbeidsoppgåver, lønsplassering, osv.)
Kontaktinformasjon for Stad Kyrkjelege Fellesnemnd er:
Prosjektleiar Kristen Hundeide, tlf. 970 34 535,
e-post: kristen.hundeide@eid.kommune.no
Kontakt kan også formidlast gjennom kyrkjeverja i Selje; Nanda Maack, tlf. 979 90 447,
e-post: kyrkjeverja@selje.kommune.no