Den siste tida har vi oppdaga at vi har «ubedne» gjester på gravplassen på Stokkenes.
Det er tydeleg at her har vore dyr innom og m.a. forsynt seg av blomar o.l. som ligg på gravene. I tillegg trakkar dei naturlegvis også rundt på gravplassen – og legg frå seg det som vert til overs av det dei har ete. (sjå bilete)

Til å byrje med trudde vi kanskje det var hjort som har vore innom – men både spora og «etterlatenskapane» er for små til dette. Etter å ha undersøkt dette nærare er vi overtydde om at det er rådyr som har vore på besøk. (sjå bilete)
Førebels er ikkje dette noko stort problem – men dersom nokon opplever dette som plagsamt bed vi om at dei tek kontakt med kyrkjekontoret. Vi vil fortløpande vurdere kva tiltak vi evt. kan iverksetje for å hindre slike ulemper på gravplassen.
Kristen Hundeide
-kyrkjeverje-