Innbyggjarane i Stad har vist stor gjevarglede.
Tusen takk, alle saman!
Pr. skrivande stund har innbyggjarane i Stad gitt kr kr 123.747,- til Fasteaksjonen 2022. Det er kr 55,72 pr. innbyggjar, og gir reint vatn til 495 menneske! Fantastisk!
Sokneprest Knut Gjengedal lova å hoppe i Eidsfjorden dersom vi klarte å få inn over 28.000 kroner. Den summen vart grundig slått, så søndag før gudstenesta i Heggjabygda blir det prestebading. Nokre konfirmantar blir og kanskje med, så viss de ser ein hylande gjeng som går i vatnet er det kanskje dei. Takk til konfirmantane som har sendt meldingar og gått på dørene, takk til foreldre som har køyrt, baka og organisert, og takk til alle som har vore med å gi pengar. Dette gjer ein forskjell for mange!
Om du vil, kan du bli fast gjevar til Kirkens Nødhjelp her.