Søndagstankar: 4. s. i fastetida 2020


Søndagstankar: 4. s. i fastetida 2020


av Beate Folkestad Osdal, Sokneprest i Totland sokn

Preiketekst 4 søndag i fastetida: Joh 11,45-53:

Mange av dei jødane som var komne til Maria og hadde sett det Jesus gjorde, kom til tru på han. Men nokre gjekk til farisearane og fortalde kva han hadde gjort. Då kalla overprestane og farisearane saman Rådet og sa: «Kva skal vi gjera?

Denne mannen gjer mange teikn. Lèt vi han halda fram slik, kjem snart alle til å tru på han, og romarane kjem og tek både den heilage staden og folket vårt.» Ein av dei, Kaifas, som var øvsteprest det året, sa då: «De skjønar ingen ting. De tenkjer ikkje på at det er betre for dykk at eitt menneske døyr for folket, enn at heile folket går til grunne.»  Det sa han ikkje av seg sjølv. Men fordi han var øvsteprest det året, tala han profetisk om at Jesus skulle døy for folket.  Ja, han skulle ikkje berre døy for folket, han skulle òg samla til eitt dei Guds born som er spreidde rundt omkring. Frå den dagen la dei planar om å drepa han.  Joh 11,45-53

Andakt: 
Det er ni månadar til jul no. Førre søndag feira vi Maria bodskapsdag, den dagen da Gud la Jesusbarnet i Maria sin mage. Dei ni neste månadane vaks Jesus i magen til Maria som ein heilt vanleg, men likevel svært uvanleg baby. 

Vi er i fastetida no, og heile poenget med fastetida er å kome nærare Gud. 
Heile poenget med å kome nærare Gud 
er at vi sjølve og våre medmenneske skal få det betre.
Vi kan elske, fordi Gud elska oss først. 
Gud elska oss så høgt at Han sende sin eigen Son ned til jorda til oss menneske. 
 
Så gjekk det 30 år, og babyen blei stor, og i preiketeksta vår seier fariserarane i stor frustrasjon,- kva skal vi gjere? Viss vi lar Jesus halde fram slik vil alle til slutt tru på han. 

Preses i den norske kyrkje Atle Sommerfeldt, sa på eit møte på tysdag, at vi må vere håpsberarar. Det er ei spesiell tid no som krev at vi er kristne på ein annan måte enn vi var for tre veker sidan. Vi må vise vår omsorg på ein annan måte, no. Vi må fortelje om Jesus på ein annan måte. Derfor kan eg ikkje ha gudsteneste med kyrkjelyden, men må legge preika ut på heimesida. 

Dei….som…. hadde sett det Jesus gjorde, kom til tru på han, sto det i preiketeksta. 
Lat oss fortelje folk kva Jesus gjorde og kven Jesus er, slik vi alltid har gjort, -berre på ein ny måte. 
Lat oss møte blikka, sjå inn i augo og smile til dei vi møter på butikken, -samtidig som vi held avstand. Lat oss ringe og ta ein prat med dei som er engstelege, slik at dei blir tryggare og mindre einsame. 
Lat oss legge ut trøystande ord på facebook som ikkje skapar meir frykt, men tvert imot gir håp. 
Lat oss vere håpsberarar i ord og gjerning, slik at enda fleire kan kome til tru på Han som elska oss først.
  
Bøn: 
Gud, gje oss kjærleik, i vår tanke, i vår tale, 
i alt vi gjer, i dei løynde hjarteromma. 
Gje oss kjærleik til dei vi møter, 
fjerne, nære, 
til vener, gamle, nye, 
til dei vi ikkje orkar 
og dei som ikkje orkar oss. 
Gje oss kjærleik 
til dei vi arbeider saman med, 
til dei vi stadig ser, 
kjærleik i glede, kjærleik i sorg,
i liv, i død, 
så vi kan blir verande hos deg, 
du som sjølv er kjærleik. 

Herren velsigne deg og vara deg. 
Herren late sitt ansikt lysa over deg og vere deg nådig. 
Herren lyfte sitt åsyn på deg og gjeve deg fred. 

 

Salme: Dine løfter er mange, din trofasthet stor

Tilbake