Søndagstankar: Maria bodskapsdag 2020


av Eli-Johanne Rønnekleiv, sokneprest i Ervik, Leikanger og Selje sokn

Signa søndag til dykk alle med det heilage evangeliet frå Luk 1, 26-38:

Men då Elisabet var i sjette månaden, vart engelen Gabriel send frå Gud til ein by i Galilea som heitte Nasaret, til ei jomfru som var lova bort til Josef, ein mann av Davids ætt. Namnet hennar var Maria. Engelen kom inn til henne og sa: «Ver helsa, du som har fått nåde! Herren er med deg!» 

Ved desse orda vart ho forskrekka og undrast på kva denne helsinga skulle tyda. Men engelen sa til henne:
          «Ver ikkje redd, Maria! For du har funne nåde hos Gud.
Høyr! Du skal bli med barn og få ein son,
          og du skal gje han namnet Jesus.
Han skal vera stor og kallast Son til Den høgste.
          Herren Gud skal gje han kongsstolen til David, far hans.
Han skal vera konge over Jakobs hus til evig tid,
          og det skal ikkje vera ende på kongedømet hans.»
Maria sa til engelen: «Korleis skal dette gå til når eg ikkje har vore saman med nokon mann?» Engelen svara:
          «Den heilage ande skal koma over deg,
          og krafta frå Den høgste skal skyggja over deg.
          Difor skal òg barnet som blir fødd,
          vera heilagt og kallast Guds Son.
Og høyr: Elisabet, slektningen din, ventar ein son, ho òg, på sine gamle dagar. Ho som dei sa ikkje kunne få born, er alt i sjette månaden. For ingen ting er umogleg for Gud.» Då sa Maria: «Sjå, eg er Herrens tenestekvinne. Lat det gå meg som du har sagt.» Så forlét engelen henne.


I John Collier sitt maleri skjer eit likeverdig møte mellom mennesket Maria og engelen Gabriel.
Gud stig heilt ned til mennesket - heilt nær den unge jenta.
I biletet kan sansast både ordlaus og ordfylt kommunikasjon.
Maria får samtale med engelen Gabriel. 
Uskuld møter audmjukskap.
Begge skjønar at denne stunda vil endre verda...


Maria møter engelen Gabriel.
Ei ung jente møter ein himmelsk bodberar.
Engelen Gabriel møter Maria.
Guds bodberar møter Guds mor.

Engelen seier: Ver helsa, du som har fått nåde! 
Ikkje nett eit vanleg hei.  
Nei, ei helsing frå himmelen.

Herren er med deg, seier engelen.
Det er ord ho kjenner att. 
Folket hennar har alltid sagt: Gud er med oss.
Mange gonger har dei mint kvarandre på det: Gud er med oss.
Gjennom skiftande tider har dei halde motet oppe og sagt: Gud er med oss.

Engelen held ei heil tale.
Det er som om Maria berre høyrer dette eine: Du skal bli med barn og få ein son.
Den unge jenta reagerer menneskeleg. Og kvinneleg.
Ho spør: Korleis skal dette gå til når eg ikkje har vore saman med nokon mann?
Gabriel svarar med ganske mange ord på Maria sitt praktiske spørsmål.
Og han fortel om slektningen hennar Elisabeth. 
Ho som var for gammal til å få barn. 
Ho som dei sa ikkje kunne få barn, men som no er gravid.
Ingenting er umulig for Gud, seier han.

Gud sender englar. Bodberarar. 
Englar blir ikkje brukt som bodberarar i utrengsmål. 
Men når nokon står framfor ei stor oppgåve, treng oppmuntring, håp og trøyst - då kjem gjerne ein engel med ein bodskap.
I denne heilt spesielle tida der kloden kjennest liten og døden kryp nærare, trur eg mange kunne ynskt seg eit englebesøk.
Ein engel som stig heilt innåt deg og seier: Ver ikkje redd! 
Du skal kome gjennom dette.
Du skal nok ein gong få nyte sommar, sol, fellesskap.

Bøner om framtid kjem ikkje berre frå Norge.
Bøner blir bedt i Italia, Danmark, Island, Iran, Kina, Spania, Jemen, Lesvos, Moria...

Biskop Halvor sa denne veka: 
Lat oss gjere det som er normalt i unormale tider - lat oss be!

Unders Gud,
du lét Son din bli menneske, unnfanga ved Den heilage ande. Vi bed deg:
Gje oss slik tru som Maria hadde,
og gjer oss modige som henne,
så vi kan gjera din vilje i kjærleik, og lovsyngja deg,
ved Jesus Kristus, vår Herre,
som med deg og Den heilage ande lever og råder,
éin sann Gud frå æve til æve.
Amen.

 

 

 

 

Tilbake