av Knut Gjengedal
Lat oss be! Allmektige Gud, du vinn over vondskapen. Vi bed deg: Vern oss mot det vonde, og set oss fri, så vi kan leva som born av lyset, ved Son din, Jesus Kristus, vår Herre, som med deg og Den heilage ande lever og råder, éin sann Gud frå æve til æve. Amen.
Lat oss lese frå Lukasevangeliet kap. 11!
14 Ein gong dreiv han ut ei vond ånd som var stum. Og då den vonde ånda hadde fare ut, tala han som hadde vore stum. Folket undra seg. 15 Men nokre av dei sa: «Det er ved hjelp av Beelsebul, herskaren over dei vonde åndene, at han driv dei vonde åndene ut.».16 Andre ville setja han på prøve og kravde eit teikn frå himmelen av han. 17 Men Jesus visste kva dei tenkte, og sa til dei:
«Kvart rike som kjem i strid med seg sjølv, blir lagt øyde, og hus på hus rasar saman. 18Er no Satan komen i strid med seg sjølv, korleis kan då riket hans bli ståande? De seier då at det er ved Beelsebul eg driv ut dei vonde åndene. 19 Men er det ved Beelsebul eg driv ut dei vonde åndene, kven er det då dykkar eigne folk driv ut ånder ved? Difor skal dei dømma dykk. 20 Men er det med Guds finger eg driv ut dei vonde åndene, ja, då har Guds rike nådd fram til dykk.
21 Når den sterke med våpen i hand vaktar garden sin, får det han eig, vera i fred. 22 Men kjem det ein som er sterkare og vinn over han, då tek denne mannen våpna som den sterke sette si lit til, og deler ut byttet. 23 Den som ikkje er med meg, er imot meg. Og den som ikkje samlar med meg, han spreier.
24 Når ei urein ånd fer ut av eit menneske, flakkar ho over tørre vidder og leitar etter ein kvilestad, men finn ingen. Då seier ho: ‘Eg vil fara attende til huset mitt, som eg flytte ifrå.’ 25 Når ho kjem att, finn ho det feia og pynta. 26 Då fer ho av stad og får med seg sju andre ånder som er verre enn ho sjølv, og dei flytter inn og slår seg til der. Og det siste blir verre for dette mennesket enn det første.»
27 Då han sa dette, var det ei kvinne i folkehopen som ropa: «Sælt er det morsliv som bar deg, og brysta som du dia.» 28 Men Jesus svara: «Sei heller: ‘Sæle er dei som høyrer Guds ord og tek vare på det.’»
Slik lyder det heilage evangeliet
Vi opplever i desse dagar ein alvorleg trussel mot land og folk når det gjeld spreiinga av koronaviruset. Styresmaktene gjer alt dei kan, men vi kan be til Herren over hærskarane, den Gud som gjer mirakel! Difor er det viktig at vi ber. Og vi har gode løfter i Bibelen, mellom anna i Salme 91, 4 - 6. «Under hans venger kan du søkje ly, med fjørene dekkjer han deg. Hans truskap er skjold og vern. Du skal ikkje frykta for redsler i natta, for piler som flyg om dagen, for pest som fer fram i mørkret, for plage som herjar ved middagstid.» (v. 4 – 6)
«ORDET OM JESUS SOM MOTGIFT MOT DET VONDE» (iflg. prost em. Geir Sørebø) kan vere overskrifta både på dagens preiketekst og ordet vi nettopp delte frå Salme 91. Ja, vi treng å halde oss nær til JESUS i dag. Søkje tilflukt hos Han. Ta på oss «Guds fulle rustning», slik at vi kan stå det vonde og den vonde imot.
I dag høyrde vi om Jesus som dreiv ut ei vond ånd. Denne vonde ånda hadde medført stumheit. Og folk lurte, naturleg nok, på med kva kraft Jesus gjorde dette. Var det med kraft frå Beelsebul, herskaren over dei vonde åndene? Nei, svara Jesus og svara: «Er no Satan komen i strid med seg sjølv, korleis kan då riket hans bli ståande?» Vidare….. «Men er det med Guds finger eg driv ut dei vonde åndene, ja, då har Guds rike nådd fram til dykk.» (Lukas 11,20) GUDS RIKE har jo kome nær. Jesus både proklamerte og demonstrerte at ein ny tidsalder var begynt. No kan synder bli tilgjevne, den som trur kan få evig liv, svoltne kan bli metta, sjuke kan verte helbreda og demoniserte verte utfridd.
For ei stund sidan høyrde eg om ei dame som fortalde på TV om korleis ho hadde vorte gripen av spelegalskap. Ho spela bingo kvar kveld og sat i lokalet heilt til det stengde. På nokre år hadde ho spela vekk 700 000 kroner og sat med stor gjeld. Ho greidde ikkje å slutte med galskapen. Ho tenkte på pengespel dag og natt. No gjekk ho til behandling for å verte kvitt den store plaga. Det er stor skilnad på Jesus si tid og den tid vi lever i i dag. Den gong Jesus gjekk omkring i Israel, var det vanleg å hevde at menneske kunne verte fylte av vonde ånder. Trass i alle skilnader er det ikkje vanskeleg å sjå at menneske også i dag kan verte gripne av vonde makter, anten vi no kallar dei for alkohol, narkotika, hat, pengebegjær, misunning eller spelegalskap.
Jesus har hjelp å gi til desse problema. Dette motseier ikkje hjelpa vi også kan få av leger og psykologer. Desse er også reidskap i Guds hand. Likevel vil eg understreke viktigheita av Jesu makt og Jesu ord. "Sæle er dei som høyrer Guds ord og tek vare på det" avsluttar vår evangelietekst i dag. Lat oss til slutt ta med oss Geir Sørebø sine tre punkt til denne preiketeksta: 1. Lat Guds ord fylle huset. 2. Jesus kan drive ut den vonde kraft og 3. Det er ei anten – eller: «Vi skal vite at åndeleg sett er det eit anten - eller. Det er ei god kraft og ei vond kraft. Det er ljos eller mørke. Det er Gud eller djevel. "Den som ikkje er med meg, er i mot meg" (v.23). Det er mange menneske som slit med sjukdom, plager, angst, skuldkjensle og mykje som er tungt. Som kjenner seg fanga av dei vonde kreftene. Til desse er det overlag viktig å understreke det som Jesus seier i dag: At han er den sterkaste. Det vil seie at den som trur på Jesus, bed til han og opnar opp for han, hos han vil Jesus kome inn og ta bustad. Og då er det Jesus som har makta. Då er det Jesus som har livet ditt i si omsorg. Då har du funne den effektive motgifta mot det vonde.»
ÆRE VERE FADEREN OG SONEN OG DEN HEILAGE ANDE, SOM VAR, ER OG VERA SKAL ÈIN SANN GUD FRÅ ÆVE OG TIL ÆVE. AMEN.
Solveig Leithaug: Eg ber for Norge (Tekst og melodi: Solveig Leithaug)