Søndag 6. januar er 13-dag jul og skal vere den dagen då dei Tre Vise Menn (eller kongar?) kom til Betlehem, fann fram til stallen og fekk møte og tilbe Jesus-barnet. Då høvde det godt å legge ei gudsteneste til stallen på Norsk Fjordhestsenter nett denne dagen!
På hestesenteret var det rigga på ekte "stall-vis": alter av høyballar - men vakkert pynta med glitter og grøne plantar.
Dei omlag 25 personane som hadde funne vegen til stallen fekk ei fin gudsteneste! Sokneprest Olaf Sigurd Gundersen leia gudstenesta og fortalde i preika om vismennene som kom til Betlehem, om møtet med kong Herodes, om korleis dei fann fram til stallen med Jesus-barnet og om kvifor dei ikkje var innom kong Herodes att på heimvegen slik dei opprinneleg hadde blitt pålagde. Som vanleg makta Gundersen å gjere dette både interessant og engasjerande, m.a. ved å få med nokre av dei frammøtte til å illustrere viktige poeng i talen!
Ellers deltok nokre av konfirmantane med skrift- og bønelesing og organist Ingvard Sundal gav godt tonefølgje til salmane på elektronisk orgel. Dei mange blide ansikta etter gudstenesta fortalde tydleg at dette hadde vore ei interessant og god stund i stallen!
Takk til Norsk Fjordhestsenter for velvilje og tilrettelegging!