NÅR DEI BLINDE SER.....


Dei fleste kjenner Beate Folkestad Osdal. Ho har m.a. vore tilsett som kateket i Eid i 4 år. No er Beate konstituert som kapellan i Vågsøy - og tek samstundes vidare utdanning for å kunne bli ordinert som prest i Den Norske Kyrkja. Sist vekene har beate hatt sokalla "stiftspraksis" her i Eid som ein del av utdanninga si. Søndag 18. november hadde Beate ansvaret for gudstenesta i Eid kyrkje - og i preika snakka ho over teksten i Joh. 9 - då Jesus gjorde slik at ein som hadde vore blind frå fødselen kunne sjå. 

Du kan lese heile preika til Beate nedanfor:

----------------------------------------------------

Preike 18.11.18, 26. søndag i treeningstida 
v/ Beate Folkestad Osdal. 

Preiketeksta: Joh. 9.
Då Jesus kom gåande, fekk han sjå ein mann som hadde vore blind frå han var fødd. 2 Læresveinane spurde: «Rabbi, kven er det som har synda, han eller foreldra hans, sidan han vart fødd blind?» 3 Jesus svara: «Verken han eller foreldra hans har synda. Men no kan Guds gjerningar bli openberra på han. 4 Så lenge det er dag, må vi gjera hans gjerningar som har sendt meg. Det kjem ei natt då ingen kan arbeida. 5 Så lenge eg er i verda, er eg lyset i verda.» 6 Då han hadde sagt det, spytta han på jorda og laga til litt leire av spyttet og smurde på auga til mannen. 7 Så sa han: «Gå og vask deg i Siloa-dammen!» Siloa tyder utsend. Mannen gjekk dit og vaska seg, og då han kom att, kunne han sjå. 
35 Jesus fekk høyra at dei hadde kasta han ut, og då han møtte mannen, spurde han: «Trur du på Menneskesonen?» 36 Mannen svara: «Kven er han då, gode herre, så eg kan tru på han?» 37 «Du har sett han», sa Jesus. «Det er han som no snakkar med deg.» 38 «Eg trur, Herre», sa mannen. Og han tilbad han.

Det var ein gong ein mann som heitte Lars. Han var blind. Han kunne ikkje sjå i det heile tatt, og han levde på den tida då det ikkje fans noko som heitte hjelpemiddelsentral eller sosialkontor, så det var ikkje så lett å vere Lars. Lars levde på den tida då dei trudde, at det var ei straff som gjorde at han hadde vorte blind. Sjølv læresveinane snakka seg i mellom om det var han eller foreldra som hadde synda. For nokon måtte det no vere… 

Dagane til Lars gjekk som oftast med til å sitje på gata å tigge, for å få inn nok pengar til mat og dei fillene han hadde av klede på kroppen.  
Ein dag kom ein framandkar til byen og sa at det verken var Lars eller foreldra som hadde synda. Det var ikkje kvardagskost for han Lars, at det var nokon som forsvara han. Den framande snakka mykje. Lars klarte ikkje heilt å følgje han i alt, men han høyrde på stemma. Lars var blitt vand med å høyrde på stemmene til folk om dei ville lure han eller ikkje. Men dette var ikkje ei slik stemme. Dette var ei venleg stemme. 

Plutselig høyrde Lars at den framande mannen spytta. 
Så høyrde han at mannen tok jord mellom hendene akkurat som Lars hadde leika då han var liten. Lars høyrde at mannen kom nærare og nærmare, og brått kjende han den klissete gjørma mot augo. 
-Æsj, han som trudde at mannen var snill, og så gjorde han berre narr av han med å smørje han full av leire. Han hadde endatil spytta på jorda, før han smurte den på.

Kinna brann av audmjuking. Lars skulle akkurat til å ta det vekk, då han høyrde den venlege stemma att. 
Det var ikkje hån i stemma. Stemma sa at han skulle gå ned til vatnet å vaske det av. Det var noko med stemma som gjorde at Lars reiste seg og gjorde som mannen sa. 

Lars kom ned til vatnet, og vaska leira og spyttet heilt vekk. Sakte tok han hendene til side, og såg ei lita jente som sat og såg på han. Lars såg jenta! Utan å tenkje sprang han oppover mot der han trudde mannen var. Rundt han høyrde han forskrekka rop frå naboar som såg han. Er ikkje dette han Lars? Det ser ut som om han kan sjå. Nokre sa at dette måtte vere han, medan andre sa at det likna, men at det sikkert var ein annen. Det blei litt kaos, og nokre menn tok Lars med til farisearane for å vise kva som hadde skjedd. 
Det var sundag, og det var synd å arbeide på sundagen. 
Farisearane  spurte og spurte, men Lars kunne berre gjenta si enkle forklaring. 
- Ein mann kom og hadde leire på augo mine, 
og sa at eg skulle vaske det av. Då eg vaska det av, kunne eg sjå. 

- Hm, det kan ikkje vere ein kristen som har gjort dette. 
Det må vere ein healer, sidan han gjorde det på ein sundag, sa farisearane. Farisearane byrja å krangle. 
Til slutt vende dei seg til Lars. 
- Kven trur du at det var? 
- Eg trur at det må vere ein profet, sa Lars. 

Gong på gong masa farisearane på han om det som hadde skjedd. 
- Var det ein healer, eller ein heidning som gjorde deg frisk? 
- Eg var blind, men no ser eg, sa Lars. 
- Det er alt eg veit. 

Det enda med at Lars blei kasta på gata. Dei var sinte på han for at han ikkje kunne svare på alt det dei spurde om. 
Lars gjekk i ein forvirra lykkerus nedover gata og tenkte;  - Om eg berre kunne få møte mannen att, så kunne eg få vete kva det var som hadde skjedd…
Ikkje før Lars hadde tenkt ferdig, så sto mannen framføre han. 
- Trur du på Menneskesonen, spurte han.
Lars kjende igjen stemma med ein gong. 
- Kven er Han? Eg vil gjerne tru på han berre du visar meg kven det er. 
- Det er han som du snakkar med no. 
- Eg trur, Herre, sa Lars og fall på kne framfor Jesus. 
Då sa Jesus;
- Eg er komen til verda for at dei blinde skal sjå, og dei som ser skal verta blinde. 
----------------------------------------------------------------------------
Mange av bibelforteljingane er litt vanskelege, men veldig flotte. For å forstå bibelforteljingane enda betre lagar eg ofte slike forteljingar. Då ser eg det som skjedde føre meg. Mannen heitte nok ikkje Lars, men kanskje Peter, Andreas eller eit anna namn. Men uansett kva han heitte har dette skjedd og det er gjennom bibelforteljingane, spesielt i evangelia, vi verkeleg kan blir kjent med Jesus. 

Det har vore mange under i preiketekstane dei siste søndagane. Mange sjuke har blitt friske. 
Gud er allmektig! 
Det betyr ikkje at alle blir friske sjølv om vi ber. Det var ikkje alle Jesus møtte heller som blei friske, men mange blei det, og mange blir det enda. Gud er allmektig og kan gjere alle friske. 

Eg har høyrt folk som har sagt når folk har døydd at: 
- Det gjekk vel etter Guds plan, eller
 - Gud hadde vel ei meining med det.

MEN, Gud hadde ikkje ei meining med det, 
og ting går aldri etter Guds plan når folk døyr tragisk.
Vi må ALDRI seie slike ting til nokon. 

Då eg blei født fann legane ut at eg hadde alvorleg hofteskade i begge hoftene. Eg fekk først pute i 6 månadar, men det hjalp ikkje, så eg fekk gips i 3 månadar. Det hjalp heller ikkje. Eg måtte opererast. 
Eg blei lagt i narkose og legane var klar, men då dei tok av gipsen fann dei ein kvit liten duk, og når dei bevegde hoftene mine var eg heilt frisk. Legane forsto ingen ting, men dei sa at eg ikkje trengte operasjon, for noko hadde skjedd. Det var mormor. Ho hadde lagt ein salva duk som var bedt for inni gipsen, og Jesus hadde gjort meg frisk. 

Eg har mange gongar tenkt på kvifor eg vart frisk? Eg har så mange gongar intenst og innstendig bedt for barn, småbarnsforeldre, ungdommar og andre som er alvorleg sjuke, men som ikkje har blitt friske. Det er vanskeleg. 

Sjukdom og vondskap er i verda, og vi kan lese om syndefallet og frukta som var i Edens hage( 1.Mos.3,) og om likninga om jordeigaren som fekk sådd ugras i åkeren av fienden (Matt.13). 

Når Gud hadde skapt alt sa han at alt var overmåte godt. Vi kan aldri fullt ut forstå kor det vonde kjem frå, og kvifor det må vere her, men det er det vondes problem, som vi kan bruke heile livet på forske og undre oss over. Eg har roa meg i at Gud er allmektig, og eg har akseptert at sjukdom og det vonde er i verda og vil vere i verda heilt til Jesus ein gong kjem igjen, og alt skal bli bra.  

Så skal vi gle oss med dei som også i dag blir fjigjorde frå sjukdom og friske, og det skjer oftare enn dei fleste veit, men folk vegrar seg for å dele det. 

Vi skal fortsette å be for dei som er sjuke med stort frimod. 

Men dei aller fleste av oss har kanskje flest erfaringar med at Gud ikkje gjer frisk att, men at han er med i alt - både sjukdom, sorg og vonde dagar. Og også slik viser den Allmektige Gud seg i kvardagen vår, og det å sleppe å vere åleine slike tunge stunder kan også vere eit under.   

 

Tilbake