HalloVenn i Idrettshuset 31. oktober
HalloVenn
31.oktober 2014 kl. 17.30-21.00
Stad: Eid idrettshus
Målgruppe: Barnefamiliar
HalloVenn er eit alternativ til halloween med fokus på
venskap. HalloVenn er eit nasjonalt konsept som har vorte ein suksess mange
stadar i landet. Det er første gangen HalloVenn blir gjennomført på Eid.
HalloVenn er eit kjempestort samarbeid
mellom barne- og ungdomsarbeidarane i kyrkja og heile det frivillige
organisasjonslivet på Eid. Alle små og store organisajonar er invitert til å
delta. Dette blir ein kjempestor fest og ein kjempesjanse for det frivillige
arbeidet til å vise fram arbeidet dei driv og til å rekruttere fleire.
HalloVenn er ikkje eit kristent eller
religiøst arrangement, og det er ope for alle barn og foreldre uavhengig av tru
eller livssyn.
Det blir aktivitetar i heile hallen, i regi av taekwondo,
idrettslaga, 4H, sirkuslinja, Røde Kors, Stårheim Barnekor, konfirmantane, og
mange fleire grupper og privatpersonar. For kvar aktivitet barna deltek får dei
eit godteri i premie.
Dei som vil kan kle seg ut, og det vert premiering av beste kostyme og beste
familiekostyme. Fotograf Eide vil ha ein eigen aktivitetsstand i hallen, og
alle som vil kan ta bilete av seg eller familien og få det med seg heim.
15 minutt kvar time blir det show på
scena med sirkuslinja frå Fjordane Folkehøgskule og Ingvald Frøyen frå Det
Norske Misjonsselskap, som begge har tema vennskap. Den siste halvtimen vert
det diskotek.
Kiosken vert open med sal av kake, pølse med brød og kalde og
varme drikker.
HalloVenn kostar 50,-
pr barn, men er gratis for alle vaksne.
Billettar vert lagt ut
for sal på Totland Libris og ved inngangen.
Program for dagen:
17.00:
Vi får kome inn i hallen og lage til aktivitetane og kiosken.
17.30: Dørene opnast
17.45-18.00: 3 barnekor er
forsangere til «Bli med dansen», mini-stunt av sirkuslinja på scena.
18.00-18.45: Aktivitetar i hallen
18.45-19.00: Sirkuslinja har eit
spesiallaga show om venskap på scena
19.00-19.45: Aktivitetar i hallen
19.45-20.00: Ingvald Frøyen snakkar
om venskap frå scena
20.00-20.30: Diskotek (medan alle pakkar ned aktiviteter og
kiosken.)
Tilbake