Kvelsdbønsamling Eid sokn


Kvelsdbønsamling Eid sokn


Kvelsdbønsamling i Eid sokn

KJÆRE 3-ÅRING med foreldre/føresette!

Vi har den glede å invitere til
kveldsbønsamling på Eid kyrkjetun onsdag 26. august kl. 17.30-18.30.

Dette er ei av dei årlege samlingane i trusopplæringa der alle døypte born og udøypte born med foreldre som er døypte, får tilbod om opplæring i den kristne trua. 

Kveldsbønsamlinga er ei enkel samling der kvart born får velje ei gåve som kan vere til hjelp når de ønskjer å be kveldsbøn. De kan velje om de ønskjer enten ein cd med illustrert teksthefte eller eit bilete med ei kveldsbøn til å henge over senga. 

Program: 
- Kort samlingsstund med kveldsbøner
- Leik med såpebobler
- Utdeling av cd eller bilete
- Kveldsmat med havregrynsgraut og brødmat. 

Vi håpar de har tid og anledning til å vere med på samlinga.

Dersom barnet ditt har behov for særskilt tilrettelegging t.d. allergisk mot mjølk, så ta kontakt, slik at vi kan legge samlinga så godt til rette som vi kan. 

I september i fjor vart de invitert på Myldredag på kyrkjetunet, og då fekk dei frammøtte ei bordbrikke som er laga her på Eid av Asbjørn Eikenæs. Dei som ikkje kunne møte og ikkje har fått bordbrikka kan då kan få den på denne samlinga. Berre gje beskjed når de kjem.


Påmelding til tlf. 57 86 17 55 eller e-post: kyrkjekontor@eid.kommune.no 
innan måndag 24. august, slik at vi er sikker på at det blir nok mat.  

Velkomen til kyrkjetunet!

Med venleg helsing 
Asbjørn Eikenæs, musikalsk medarbeidar
Heidi Isene, trusopplærar.

Tilbake