Utdeling av 4-årsbok i Eid kyrkje


Utdeling av 4-årsbok i Eid kyrkje


Fireåringane fødde 2. halvår 2011 i Eid sokn og alle andre fireåringar i kommunen, som ikkje har hatt høve til å møte til utdeling før, er hjarteleg velkomne til Undredag og Utdelingsgudsteneste!
Til foreldre/føresette til 4-åringane i Eid sokn

Invitasjon til utdeling av 4-årsbok og Lottospel 2015!

No er det om lag 4 år sidan dåp. Det er ein tradisjon hos oss å invitere 4-åringane – både døypte og tilhøyrige –  til å kome i kyrkja og få utdelt 4 årsbok. I år har vi ei heilt ny bok som heiter «Linda og den vesle kyrkja». 4 åringane skal og få eit Lottospel som høyrer til boka. «Linda og den vesle kyrkja» handlar om Linda og familien som skal reise heilt til mormor der veslebror skal bli døypt. På vegen dit ser Linda at ho har mista sin kjære kosegris. Det er krise, men alt går bra til slutt. Korleis det ordnar seg får de lese i boka. 

Vi vil difor invitere alle barn fødde andre halvdel av 2011 i Eid, og alle andre born fødde i 2011 som ikkje kunne møte i vår til: 

Familiegudsteneste søndag 15. november kl. 11.00 i Eid kyrkje. 

Ved dåpen lovar foreldre og fadrar at dei vil ”oppsede barnet i den kristne forsaking og tru.” Saman med dei lovar kyrkjelyden å hjelpe til. Dette er bakgrunnen for utdelinga av 4 årsboka og Lottospelet. Gudstenesta vil vere ei familiegudsteneste med mykje song og glede, og det vert og 3 dåp. 

Vi ønskjer og at borna skal få bli enda betre kjent med kyrkja. Vi inviterer dykk derfor også til:

”Undretur” i Eid kyrkje fredag 13. november kl. 17.00-18.00.

På undreturen skal vi sjå på orgelet, alteret, preikestolen og døypefonten, og dersom de har ein kosebamse eller ei dukke de vil ta med, får vi kanskje ein liten dåp og? Etterpå kosar vi oss med saft og bollar. 

Vi ynskjer dykk vel møtt til begge desse samlingane og håpar dei kan verte ein god møtestad mellom borna/familien og kyrkja! 
Skulle barnet dykkar ha behov for ei eller anna form for tilrettelegging (ev. matallergiar) for å kunne gjennomføre samlinga, så ta kontakt med kyrkjekontoret. 

Vel møtt i kyrkja!  

Med venleg helsing
Olaf Sigurd Gundersen, prest 
Beate Folkestad Osdal, kateket
Heidi Isene, trusopplærar

Tilbake