Overnatting i kyrkja for alle 6.-klassingane i kommunen!
Laurdag 28. november til søndag 29.november skal vi ha overnatting i Eid kyrkje for alle som går i 6. klasse. Vi ønskjer å feire kyrkja sitt nyttår som startar 1. søndag i advent. Denne feiringa vert kalla «LysVaken». Arrangementet blir arrangert kvart år av ca 450 kyrkjelydar i heile Noreg, og er ein del av trusopplæringsreforma i den norske kyrkja. Det er første gong Lys Vaken vert for 6. klassingane.
Alle samlast laurdag kl.18.00 i Eid kyrkje. Der vil vi ha eit variert program med leikar, song, mat og vi skal bli enda betre kjende med Bibelen. Laurdagskveld kl. 21.30 er det fakkeltog gjennom Eidsgata, og alle som vil er velkomne til å delta med 6.klassingane der. Søndag et vi frukost før vi har ei gudsteneste i lag kl.11.00. Foreldre, sysken og andre hjarteleg velkomne til denne gudstenesta! Vi er ferdige omlag kl. 12.00..
«LysVaken» handlar ikkje om å vere vaken heile natta, men om å vere lys vakne for det som skjer rundt oss og i oss. Vi skal vere lys vakne for kvarandre, for Gud og for oss sjølve. Gå gjerne inn på www.lysvaken.no dersom du vil lese meir om arrangementet.
Om dykkar 6. klassing treng oppfølging eller tilrettelegging som vi må vite om, t.d. matallergiar eller medisinar, så gje oss melding om dette. Då kan vi saman legge til rette for at «LysVaken» blir ei flott oppleving for alle. (Det går og an å vere med på dagen utan å overnatte dersom nokon ønskjer det.) Det blir sjølvsagt vaken nattevakt heile natta.
Påmeldingsfristen er søndag 22. november - klikk her for meir påmeldingsinfo
Vi ønskjer din 6. klassing hjarteleg velkomen!
Med venleg helsing
Beate Folkestad Osdal, kateket
Kaare Michael Christoffersen, ungdomsprest
Heidi Isene, trusopplærar
Asbjørn Eikenæs, musikalsk medarbeidar