Kjære 8-åring (-altså du som går i 2.kl!)
NB! Før du byrjar å lese, er det viktig å vete at dette brevet er topp hemmeleg og kun må lesast av deg og dine føresette.
Vi treng deg, kjære agent til å vera med å løysa oppdrag og mysterium i Eid kyrkje! Om ikkje noko mystisk skjer kjem og politiet innom for å hjelpe oss i etterforskninga. Klarar de agentar å løysa alle mysteria………så er det utlova ein dusør!
Difor ønskjer vi alle 2. klassingar velkomne til Tårnagenthelg i Eid kyrkje laurdag 6. februar og søndag 7. februar!
Det store agentmøtet startar laurdag kl.11.00 og held på til kl.14.00.
Der vil agentane få utdelt eit personleg agentbevis.
Søndag treffast vi igjen kl. 11.00 for Tårnagentgudsteneste i Kjølsdalen kyrkje ELLER kl.15.00 til Tårnagentgudsteneste i Eid kyrkje.
Foreldre, sysken, og vener er også invitert til gudstenestene.
I 2016 vil det vera agentar i mange kyrkjer over heile landet som skal løysa mysterium. Vi håpar du har lyst til å vera med. Det er gratis å delta.
Påmelding innan tysdag 2. februar på kyrkjekontor@eid.kommune.no
Du vil få e-post med meir info når du har meldt deg på.
Helsing – strengt hemmeleg – frå oss som jobbar i kyrkjene
i Stårheim, Kjølsdalen, Heggjabygda og Eid kyrkje
Beate Folkestad Osdal Kaare Michael Christoffersen Asbjørn Eikenæs
Kateket Ungdomsprest Musikalsk medarb.
Til føresette: Har de spørsmål eller treng tilrettelegging ta kontakt:
mail: beate.osdal@eid.kommune.no